NRK Meny
Normal

Krevjande og utfordrande å planlegge nytt sjukehus

Det er store utfordringar rundt det å planlegge eit splitter nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

Det er store utfordringer rundt det å planlegge et splitter nytt sykehus for Nordmøre og Romsdal.
Om et drøyt år må søknaden være klar om prosjektet skal komme på statsbudsjettet i 2018.

VIDEO: Om drygt eitt år må søknaden vere klar om prosjektet skal komme på statsbudsjettet i 2018. Foto/redigering: Roar Strøm.

I to dagar skal fagfolk, tillitsvalde og leiinga i Helse Møre og Romsdal sitte saman i og stake ut kursen for det vidare arbeidet med det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og det akuttmedisinske senteret i Kristiansund.

Atle Tangen, brukarrepresentant i Helse Møre og Romsdal.

Atle Tangen, brukarrepresentant i Helse Møre og Romsdal syntest det er viktig at brukarane blir involvert i prosessen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Med på møta er også Atle Tangen, brukarrepresentant i Helse Møre og Romsdal.

Det har blitt nokre døgn på sjukehus opp gjennom åra for den uføretrygda Midsund-mannen. No er han aktivt med på Oppdalsseminaret, der planleggingsarbeidet rundt det nye sjukehuset er i gang.

– Det som er viktig for meg er at vi får eit effektivt og godt sjukehus, både for brukarane og tilsette. Det at vi får vere med på heile prosessen synest eg er veldig viktig, seier han.

Stramt tidsskjema

Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal koste over fire milliardar kroner, og det skal vere eit av dei mest moderne i sitt slag.

Bjørn Remen, prosjektdirektør i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Bjørn Remen, prosjektdirektør i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal seier det ikkje er rom for forseinkingar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Medan krefter på Nordmøre ropar om rettssak, er andre nesten klare til å bygge i Molde. Skal tidsplanen halde, meiner sjefane at det ikkje rom for forseinkingar.

– Desember 2016 er ein kjempeviktig milepæl. Det er fristen for søknaden om midlar og lån til statsbudsjettet i 2018, og når vi ikkje den fristen så kjem vi fort på etterskot og det ønskjer eg ikkje, seier Bjørn Remen, prosjektdirektør i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

I dag vart gruppearbeid brukt til å skape kreative idear rundt utforminga av det nye sjukehuset.

Då må samarbeidet fungere, på tvers av interesser og futedømme, noko som ikkje er like lett for alle.

– Ein skal ha respekt for at vi har ei historie som ikkje er så veldig gammal og som er med på å prege samarbeidet no og i den komande tida, seier Astrid Johanne Brandshaug, prosjektleiar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

– Eg trur vi alle er klare for å gå vidare, men vi må sjølvsagt ha respekt for dei motsetningane som har vore, seier Merete Hagbø, prosjektleiar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.