Hopp til innhold

– Befolkningsnedgangen er urovekkande

Møre og Romsdal er einaste fylke i landet som hadde nedgang i folketalet i dei fire første månadene i år.

Molde sentrum

Møre og Romsdal opplever nedgang i befolkningsveksten etter mange år med stabil vekst. Urovekkande, meiner Ingunn Bekken Sjåholm, assisterande fylkesplansjef.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Tal frå SSB viser at Møre og Romsdal er det einaste fylket som hadde nedgang i folketalet i løpet av 1. kvartal i år. Møre og Romsdal og Vest-Agder var også dei einaste fylka som ikkje har hatt nettoinnflytting, altså færre innflyttingar enn utflyttingar, så langt i år.

– Det er urovekkande når tala viser ein befolkningsnedgang. Det er eit brot med den utviklinga vi har sett dei seinare åra, seier Ingunn Bekken Sjåholm, assisterande fylkesplansjef.

Auka arbeidsløyse

Bekken Sjåholm trur den auka arbeidsløysa som har prega fylket den siste tida kan vere blant årsakene til nedgangen.

– Arbeid er viktig for kvar folk vel å busetje seg. Møre og Romsdal har lenge vore bortskjemt med lågare arbeidsløyse enn resten av landet, men slik er det ikkje lenger, seier ho.

Skuggane ligg tunge over mange arbeidsplassar i Møre og Romsdal i desse dagar. Somme fryktar permitteringar og oppseiingar, andre har alt gått ut døra til arbeidsplassen for godt. Statistikk viser at arbeidsløysa i fylket er den høgaste på 10 år.

– Vi ser at det er mange som får oppseiingar, og at det er utfordrande tider i delar av næringslivet. Det er klart at det påverkar kor attraktive vi er å flytte til. Samtidig fører det nok til at nokre vel å flytte andre stadar fordi dei ikkje finn arbeid her, seier Bekken Sjåholm.

Møre og Romsdal har tidlegare hatt ein god og stabil befolkningsvekst, mykje på grunn av innvandring.

– Arbeidsinnvandrarane er her på grunn av arbeid, så det er naturleg å tenke at dei flyttar dit dei finn seg jobb, seier Bekken Sjåholm.

Vil følgje utviklinga tett

Bekken Sjåholm meiner likevel at det er for tidleg å konkludere på bakgrunn av tala frå 1. kvartal, men seier at dei vil følgje utviklinga tett.

– Desse kvartalsresultata kan variere mykje, og eg trur vi må vente til vi får oversikta over ei litt lengre tidsperiode for å vere sikre på at dette er ei negativ utvikling, seier ho.

Bekken Sjåholm trur innbyggartalet i stor grad vil bli påverka av utviklinga innanfor næringslivet.

– Befolkningsutviklinga vil truleg følgje dei konjunkturane som vi ser i næringslivet. Så inntil vi får betre situasjon innanfor dei viktigaste næringane i fylket, så kan talet fortsette og falle, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL