NRK Meny
Normal

– Gode moglegheiter for dei som omstiller seg

Arbeidsløysa stig i Møre og Romsdal. Likevel er det ifølgje NAV mange som får seg ny jobb relativt raskt.

Stein Veland

Fylkesdirektøren i NAV, Stein Veland, meiner likevel at det er gode jobbmoglegheiter for dei som er villige til å omstille seg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Måndag kom nyheita om at National Oilwell Varco legg ned kranproduksjonen på Hjelset ved Molde, og 64 mister jobben. Med nedbemanninga som kom i går kuttar det amerikanske oljeserviceselskapet 2400 tilsette på eit halvt år og selskapet blir redusert til det halve i Noreg, fordi marknaden sviktar.

Men selskapet er ikkje aleine. Om lag 92 norske offshoreskip ligg i dag i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere eller seie opp tilsette.

Fylkesdirektøren i NAV, Stein Veland, meiner likevel at det er gode moglegheiter for dei som er villige til å omstille seg.

– Det er ein bra gjennomstrøyming i forhold til dei som har blitt arbeidsledige til no. Ein stor del av dei har klart å få arbeid relativt raskt, seier han.

Variert næringsliv i Møre og Romsdal

Nav har tidlegare varsla at dei følgjer situasjonen i olje- og offshorebransjen med eit falkeblikk.

Fylkesdirektøren i NAV, synest det er gledeleg at mange kjem raskt tilbake til arbeidslivet.

– Vi har eit variert næringsliv i Møre og Romsdal og det er framleis ein god del verksemder som no har behov for den kompetansen som blir frigjort, seier Veland.

Han peiker på mellom anna på at mange eksportbedrifter gjer det bra og treng meir folk, i tillegg til at det er mange ressurssterke arbeidsledige på marknaden.

– Alle arbeidsgivarar som vurderar å styrke bemanninga si burde gjere det no, for her er det mykje flinke folk, seier Veland.


.