Hopp til innhold

Fryktar du oppseiing? Søk råd i tide, seier bankane

– Mange lever med hjartebank for kva som kan skje med både huslån og resten av familieøkonomien dersom dei misser arbeidet. Bankane veit svar.

Boliglån

Korleis skal det gå med låna på hus og heim dersom arbeidsplassen ryk, er spørsmålet mange stille seg i desse tider.

Foto: Martin Kierstein, Colourbox, Foto: Colourbox

Skuggane ligg tunge over mange arbeidsplassar i Møre og Romsdal i desse dagar. Somme fryktar permitteringar og oppseiingar, andre har alt gått ut døra til arbeidsplassen for godt.

Den kalde statistikken viser at heile 4 765 personar er heilt utan arbeid her i fylket, den høgaste arbeidsløysa på over 10 år. Mars månad etterlet seg eit fylket der arbeidsløysa for første gong på årevis er høgare enn snittet for landet elles.

Tone Skotheim Gjerdsbakk

Informasjonssjef Tone Skotheim Gjerdsbakk seier det er svært positivt at mange søker råd hos banken før dei kjem i eit gjeldsuføre.

Foto: Sparebanken Møre

– Vi opplever ingen krisestemning blandt kundane. Men vi er i ein periode der vi opplever at kundar tek kontakt med oss på eit tidleg tidspunkt for å få råd, og orientere oss om situasjonen dei er i. Og det er svært positivt, seier informasjonssjef Tone Skotheim Gjerdsbakk i Sparebanken Møre.

Tidleg kontakt viktigast

Både Sparebanken Møre med avdelingar 30 stader her i fylket, og Nordea Nordvest med 15 lokale avdelingar, merkar dei vanskelege tidene innan fleire bransjar. Til lånekundar som lever i uvisse om framtidig arbeid og inntekt, har begge bankane same rådet.

– Det aller viktigaste er at dei som lever med uro for arbeidsplassen sin fordi dei har huslån, tek kontakt med oss tidlegast mogleg. Då kan vi saman finne fram til gode løysingar det går an å leve med, seier banksjef for personmarknaden i Nordea Nordvest, Berit Lorgen Flem.

Berit Lorgen Flem

Berit Lorgen Flem, som er ein av banksjefane i Nordea Nordvest, seier bankane gjerne vil gi råd til lånekundar som uroar seg for arbeidsplassen sin.

Foto: Nordea

Nordea opplever heller inga kristemning blant lånekundane sine, men ser løysingar på det meste.

– No er renta så lav at for mange er avdragsfriheit eller refinansiering det som skal til for å få økonomien er under kontroll, seier Lorgen Flem.

Råkar alle grupper

Ingen av dei to bankane opplever at dei økonomiske bekymringane for huslån er knytt opp til bestemte grupper..

– Dei ulike lånetakarane er så individuelle og ulike, at vi ikkje kan generalisere og seie at den og den gruppa treng mest hjelp. Alle saker krev si skreddarsydde løysing, seier Skotheim Gjerdsnakk i Sparebanken Møre.

Farstad skip i opplag

Dei dårlege tidene for mellom andre forsyningsflåten, har gjort mange usikre på framtida.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Også Berit Lorgen Flem understrekar at ingen har lik økonomi.

– Men nyetablerte med svært stor lånegjeld i samband med husbygging, er sjølvsagt mest utsette, seier Lorgen Flem.

Geografisk er det dei med oljerealterte arbeidsplassar langs kysten, som har størst behov for rådgiving og rettleiing.

Forbrukslån er verst

Dei med store forbrukslån og kredittgjeld, har kortast veg til eit økonomisk uføre.

– Forbrukslåna er vanskelegaste å få avdragsfrie, og renta er mykje høgare enn bustadlånsrenta. Den som har levd over evne i gode tider, opplever nok at det svir når motbakkane kjem, seier Lorgen Flem.

National Oilwell Varco Molde

Tilsaman 150 arbeidarar er ramma av at oljesørvisbedrifta National Oilwell Varco i Molde legg ned drifta.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sjølv om oppseiingar og permitteringar er ein realitet fleire stader i fylket, opplever dei to bankane også aukande interesse for å spare gjennom ulike ordningar.

– Dette er ei svært bra utvikling.Sparing gjennom ulike løysingar, gir ein god buffer og gjer lånetakarane mindre sårbare, meiner dei to bankane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL