Hopp til innhold

Ny drift etter konkursen for sunnmørsbedrift

Fleire og fleire bedrifter går konkurs, men i Ørsta blir det snart lys igjen i lokala til hjørnesteinsbedrifta.

PE Bjørdal

STARTAR OPP IGJEN: Om ikkje så lenge vil det igjen vere liv i lokala til PE Bjørdal i Ørsta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er stille i lokala til PE Bjørdal. Ein kan høyre fuglar kvitre i fabrikken der det har vorte laga utstyr til fiskeribransjen dei siste 40 åra. Då ein av hjørnesteinsbedriftene i Ørsta gjekk konkurs i mai, mista 75 personar jobben.

Men eit lite lys i øvste etasje viser at noko er i ferd med å skje. PE Bjørdal startar no opp ny aktivitet i dei same lokala under eit nytt namn: Steel Tech.

– Det er positivt for dei tilsette som har vore der i mange år, og no kanskje få høvet til å starte opp igjen. Det er også positivt for lokalsamfunnet. Bjørdal var ei ganske stor bedrift her, og det var mykje folk som vart ramma under konkursen, seier tidlegare tillitsvald Kenneth Strand.

Kenneth Strand, tidlegare tillitsvald i PE-Bjørdal

– PE Bjørdal har vore ei hjørnesteinsbedrift og har eksistert i 116 år. Det er å rekne som ein del av Ørsta. Bedrifta høyrer til her, seier Kenneth Strand.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire konkursar

PE Bjørdal er langt frå åleine om å ha gått konkurs. Så langt i år (januar til og med mai) er det 31 prosent fleire konkursar, samanlikna med same periode i fjor, viser tal frå data- og analyseselskapet Dun & Bradstreet. 1984 bedrifter gjekk konkurs i perioden januar til og med mai.

Møre og Romsdal kjem dårlegast ut av fylka, med 46 prosent auke samanlikna med same periode i fjor. Då gjekk 61 bedrifter i fylket konkurs. I år er talet 89.

Meiner oppgåva no er å unngå konkursar

Under statsministeren sin pressekonferanse før sommaren trekte Jonas Gahr Støre trådar mellom den økonomiske situasjonen i Noreg på 1980-talet og dagens økonomiske situasjon og prisveksten Noreg no opplever.

– Oppgåva no er å unngå at det som skjedde på slutten av 80-talet skal skje igjen, unngå at vi får ei nedgangstid, unngå høg arbeidsløyse og mange konkursar. Men vi må vere førebudde på at det vil ta tid å få prisveksten ned. Det er altså inga rask løysing her i Noreg eller i andre land, sa Gahr Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre på oppsummerende pressekonferanse før sommeren, i regjeringens representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo.

Statsminister Jonas Gahr Støre under pressekonferansen i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo.

Foto: Geir Olsen / NTB

Trur ikkje på reprise

– Om regjeringa legg opp til ein næringsvennleg politikk som tek vare på bedriftene, sørgjer for at dei kan drive skikkeleg og gir dei gode rammevilkår, er eg ganske trygg på at vi klarer å halde trykket oppe, seier Pål Bakke, seniorrådgivar i NHO Møre og Romsdal.

– Eg trur ikkje at vi vil sjå nokon reprise av det som skjedde på slutten av 80-talet igjen, seier Bakke og peikar på at det er eit samansett bilete sidan mange bransjar går veldig bra.

Pål Bakke står med grå høyhalset genser og poserer foran kamera. Han har på seg briller og står foran et skap fullt av bøker.

Pål Bakke er seniorrådgivar i NHO Møre og Romsdal.

Foto: Kristine Hjelle Aambø / NRK

Skulder på nye rammevilkår

Det var fleire årsaker til at PE Bjørdal gjekk konkurs. Ein del av forklaringa var sanksjonane mot Russland etter at dei gjekk til angrep på Ukraina. Ved inngangen til 2022 hadde Ørsta-selskapet ei rekordstor ordrebok med russiske fiskerikundar. Desse ordrane fall bort.

Også i den norske marknaden stoppa investeringane opp på grunn av den såkalla lakseskatten.

– Det er kanskje ikkje så rart at fleire går konkurs sidan rammevilkåra for næringslivet er stramma inn. Det er mykje som speler inn. Mellom anna er marknaden uroleg og skattetrykket er høgare. I sum har nok dette ført til at mange bedrifter synest det er vanskeleg å drive, og ikkje klarer det, seier seniorrådgjevaren i NHO.

Les også Tapte store russiske kontraktar: 75 mister jobben

PE Bjørdal

– Gledeleg

Bakke seier det er veldig gledeleg at PE Bjørdal likevel kan halde fram. Det same gjer ordføraren i Ørsta.

– Det har vore jobba frå mange kantar for å få dette i gang igjen. Det er kjekt at ei hjørnesteinsbedrift som PE Bjørdal, som har eksistert i over hundre år, kjem i gang igjen og at kompetansen blir bevart, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta (Sp).

Ordførar Stein Aam i Ørsta er letta dersom det viser seg at det no er den sakna polske kvinna Maja Herner som er funne

Ordførar Stein Aam er glad for at det har kome ei løysing for vidare drift.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tøff tid

I Ørsta har det vore ei tøff tid for mange av dei som mista jobben. Kenneth Strand seier at mange har frykta at det skulle bli vanskeleg å få nye jobbar, spesielt innan same bransje.

No får fleire av dei jobbane tilbake. Dei skal starte med produksjon og oppdrag som skal ferdigstillast og leverast utover sommaren og hausten.

Sjølv har den tidlegare tillitsvalde fått ny jobb, og takka nei då han fekk spørsmålet om å byrje på igjen i bedrifta.

– Folk har gått rundt og venta og lurt på om det blir oppstart igjen. No kan det vere at folk får ein telefon om at dei er velkommen tilbake. Det er ein grei start på sommarferien, vil eg påstå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL