Hopp til innhold

– Arbeidsløysa vil stige i 2016

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal vil truleg bli høgare enn landsgjennomsnittet no i januar.

NAV nominert til forsvarets veteranpris

Illustrasjon: Arbeidsløysa vil truleg stige i det komande året, det trur NAV.

Foto: Stig Karlo Helstrøm

Det trur fylkesdirektør i NAV Stein Veland. I starten av 2015 var Møre og Romsdal eit av fylka som hadde lågast arbeidsløyse. No er situasjonen ein heilt annan.

– Vi hadde ein jamn auke i arbeidsløysa i løpet av heile 2015. No nærmar vi oss landsgjennomsnittet, og i 2016 kjem vi truleg til å passere snittet allereie i januar, seier han.

Mange arbeidsledige frå januar

Stein Veland

Fylkesdirektør i NAV Stein Veland trur arbeidsløysa vil stige i 2016

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Trass i at lediggangen auka jamt utover hausten i fjor, vil arbeidsløysa truleg auke markant i starten av det nye året, som følgje av lågare aktivitet i olje- og gassnæringa.

– Det var mange oppseiingar og permitteringar i Møre og Romsdal i 2015, men effekten av dette kjem først fleire månader etter nyheita, seier Veland.

Det har difor vore ei spesiell jul for mange, fortel fylkesdirektør i NAV.

– Mange hadde sin siste arbeidsdag i jula og møter no det nye året utan jobb, seier Veland.

Tøffe prosessar

Veland fortel at dagens situasjon i Møre og Romsdal er svært spesiell.

– Vi har ganske mange bedrifter som har hatt store permitteringar og oppseiingar, og ganske tøffe prosessar. I tillegg er det truleg andre verksemder som også vil møte utfordringar i det komande året, seier han.

Veland trur også at nedgangen innanfor olje og gass har vore med på å legge ein dempar på næringslivet.

– Vi veit at nokre avtalar bevisst blir utsett for at bedriftene skal kunne halde seg innanfor budsjettet. Det handlar om psykologi. Det er ingen som ønskjer å ta sjansar i ein tøff marknad, seier Veland.

Gode tider for arbeidsgivarar

Fylkesdirektøren i NAV fortel at det er gode tider for dei bedriftene som er ute etter å tilsette arbeidstakarar.

– Vi ser at dette er ei god tid for næringslivet å rekruttere den arbeidskrafta ein lenge har drøymt om. Det er mange arbeidsledige med høg kompetanse som no er på leiting etter jobb, seier Veland.

Han synest det er gledeleg at mange kjem raskt tilbake til arbeidslivet.

– Det er ein god gjennomstrøyming i forhold til dei som har blitt arbeidsledige. Ein stor del av dei kome relativt raskt tilbake i jobb, seier Veland.

– Så blir det spennande å sjå om dette fortset i 2016, held han fram.