Hopp til innhold

– Bankane ønskte større reiarlag som kan styre marknaden

Økonomiprofessor Ola Grytten meiner bankane har styrt store deler av dei maritime verksemdene vekk på Sunnmøre. Han hevdar at kapitalsterke aktørar kjøper sunnmørske reiarlag på billigsal.

Farstadbåter i opplag

Blant anna på Humla i Ålesund har mange Farstad-båtar lege i opplag det siste halvanna året.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Økonomiprofessoren teiknar eit bilete av sterke kapitalkrefter som er i ferd med å sentralisere store deler av offshore-bransjen til store selskap lenger sør i Noreg på bekostning av det maritime miljøet på Sunnmøre.

– Ville ikkje ha lokale løysingar

I går vart det kjent at Røkke-kontrollerte Solstad Offshore og John Fredriksen-selskapet Deep Sea Supply går inn på eigarsida i Farstad Shipping. Ålesundsreiarlaget blir dermed ein del av Solstad Farstad med hovudkontor i Skudesneshavn. Tidlegare har også Rem Offshore i Fosnavåg blir overteke av Solstad.

Ola H. Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole

Ola H. Grytten er økonomiprofessor ved Norges Handelshøyskole.

Foto: Jens Frølich Holte

– Her er bankane sterkt inne. Både DNB og GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) ville ikkje gå for lokale løysingar. Dei ønskte heller at Solstad skulle kjøpe opp reiarlag på Sunnmøre for å få éin stor aktør i marknaden. På ein måte har DNB og GIEK vore med på å flytte kraft frå Sunnmøre og sørover til Rogaland, seier Ola Grytten i eit intervju med NRK Møre og Romsdal.

– Kunne ha kome betre ut

Grytten seier at situasjonen ikkje nødvendigvis måtte utvikle seg slik, trass i krisa i næringa som skjedde på grunn av låge oljeprisar og påfølgjande låg aktivitet i Nordsjøen og Norskehavet. Redninga kunne ha blitt basert på lokale løysingar om reiarlaga inngjekk samarbeid på eit tidlegare tidspunkt, seier økonomiprofessoren.

– Dersom reiarlaga på Sunnmøre hadde samarbeidd på eit tidlegare tidspunkt, og hadde dei hatt sterkare lokale bankkrefter, trur eg at næringa hadde kome betre ut av situasjonen. Dei store aktørane var ikkje interessert då den lokale redninga prøvde å kome på bana. Dermed skjer det som no skjer.

– Kjøper på billegsal

Oljeprisen var på over 115 dollar per fat sommaren 2014. Om lag på dette tidspunktet byrja også nedturen. I desember 2015 kom oljeprisen for første gong på under 40 dollar. Mange skip hamna i opplag og fleire tusen menneske miste arbeidet sitt. Rundt årsskiftet har pilane så smått byrja på peike oppover i fleire oljerelaterte bransjar. Oljeprisen har ligge i nærleiken av 55 dollar fatet sidan jul. No er oppkjøpsfasen i full gang.

– Det som skjer er at store, kapitalsterke aktørar ser at offshorereiarlaga har vore i krise over lang tid. Dermed har dei sjanse til å kjøpe reiarlag på billegsal. Samstundes tenkjer ein del bankar at store samanslutningar er bra. Då kan dei restrukturere bransjen og få ein del skip ut av marknaden, seier økonomiprofessor Ola Grytten til NRK.

– Treng store einingar

Fleire har teke til orde for at det er for mange offshorefartøy i marknaden. Og alle skipa som ligg i opplag er eit godt teikn på dette. Dette understrekar også behovet for endringar i næringa.

– For å få til denne omstruktureringa treng dei store einingar som kan styre marknaden. Dermed ser vi at fleire av reiarlaga på Sunnmøre har fått stempelet «oppkjøpskandidat» på seg, seier Grytten.

Ola Grytten seier at han i stor grad ser at det er eit kapittel i sunnmørsk reiarlagshistorie som no er avslutta.

Når Farstad-reiarlaget og REM er oppkjøpt så kan ein seie at eit kapittel i denne historia er avslutta. Farstad er eit av Noregs største. Og når hovudkontoret blir flytta til Skudesneshavn så misser offshorereiarlaga på Sunnmøre den største og viktigaste aktøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL