Hopp til innhold

– Store deler av flåten skal vere i arbeid i 2017

Reiarlaget Olympic Ship i Herøy er omorganisert og har fått til ei ny finansiell løysing. Eit nytt selskap er danna med lokale investorar.

Olympic Zeus
Foto: Pressefoto

Låge oljeprisar og redusert aktivitet på oljefelta i Nordsjøen og Norskehavet har ført til økonomiske problem for dei aller fleste offshorereiarlaga langs kysten. Olympic Ship, med Stig Remøy i spissen, er eitt av desse reiarlaga.

Stig Remøy

Stig Remøy er godt nøgd med omorganiseringa av reiarlaget.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sjølv om det ei god stund har sett mørkt ut, har Olympic Ship kome fram til ei løysing som skal sikre drifta i fleire år framover.

– Vi har gjort ei restrukturering som gjer at selskapet skal vere klar til å møte dei komande fire åra utan noko finansiell hjelp, seier skipsreiar Stig Remøy til NRK.

Olympic Ship er delt i to selskap. Dei lokale eigarane har gått inn i sub-sea-delen. Dei reknar med at det kjem til å bli god vekst i eit område der det er relativt færre skip på verdsbasis.

Subsea er ein veksande industri. Vi trur at denne delen kjem raskare tilbake enn resten av olje- og energiindustrien. Det må drivast vedlikehald og det må byggast infrastruktur på havbotnen. Og det er dette subsea jobbar med, seier Remøy.

No er grunnlaget lagt for å kunne sikre arbeidet til om lag 500 tilsette.

No fokuserer vi på at båtane skal få arbeid og vi har god tru på at store deler av flåten vår skal kome i arbeid i løpet av 2017, seier Remøy.

Olympic

Fleire av skipa ligg i opplag. Men Stig Remøy reknar med at fleire kjem i arbeid att i løpet av 2017.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL