Hopp til innhold

215 søkjarar utan lærlingplass i Møre og Romsdal

Nedgangstider i den maritime bransjen gjer at mange båtar blir lagt i opplag og dermed kan ikkje reiarlaga ta inn så mange lærlingar som før.

Torunn Lied Giske ved Opplæringskontoret for Maritime fag i Ålesund

215 søkjarar står utan lærlingplass i Møre og Romsdal. Nedgangstider i den maritime næringa gjer at færre ungdomar får lærlingkontrakt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Torunn Lied Giske ved Opplæringskontoret for Maritime fag i Ålesund seier at mange står på ventelister.

– Vi har langt færre lærlingkontraktar i år enn vi har hatt på mange år, seier Giske.

I løpet av eit år har talet på lærlingplassar blitt halvert.

– I år har vi 87 kontraktar i tre fag. Det er godt under det vi hadde i fjor då vi låg på 168 kontraktar, seier ho.

Ikkje aktuelt å nedprioritere lærlingar

Ei undersøking frå Fiskebåt og Maritimt Kompetansesenter viser at kvar tredje maskinist på fiskebåt nærmar seg pensjonsalderen.

 Anne Mundal Aarskog

MÅ TA ANSVAR: Anne Mundal Aarskog seier at det ikkje er aktuelt å nedprioritere lærlingar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I Ulsteinvik merkar reiarlaget Island Offshore godt nedgangstidene, men å nedprioritere lærlingar er ikkje eit tema.

Assisterande mannskapssjef Anne Mundal Aarskog, seier at dei har tatt inn 20 nye lærlingar.

– Dagens kapteinar og maskinsjefar skal ut i pensjon etter kvart, og då må vi ha nye kvalifiserte personar til å erstatte dei, seier ho.

– Dersom reiarlaga ikkje tek ansvar og legg til rette for å opprette lærlingplassar så har vi ingen norske kapteinar eller maskinsjefar igjen i framtida, held ho fram.

Rår ungdomane til å ta påbygg

At mange står utan lærlingplass var ikkje uventa for opplæringskontoret i Ålesund. Dei har vore ute på skulane og gitt råd til elevane.

– Det er klart det er ein kjedeleg situasjon for ungdomane. Manglande lærlingplassar kan bety eit opphald i utdanninga for mange, seier Torunn Lied Giske.

– Vi rår dei som kan til å ta påbygg, held ho fram.