NRK Meny
Normal

Nedgangstider fører til færre lærlingplassar

Omstilling ved fleire av bedriftene her i fylket, gjer at talet på lærlingplassar i industrien går ned.

The Aker Barents drilling rig in Barents Sea

Omstilling ved fleire av bedriftene her i fylket, gjer at talet på lærlingplassar i industrien går ned.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

Mange som vil ha lærlingplass risikerer difor å måtte ta læretida si på skulen.

– Det er ikkje optimalt å ta eit år på skulen i staden for å vere arbeidstakar i to år fordi elevane lærer så mykje ute i ei bedrift, seier dagleg leiar ved Opplæringskontoret for Tekniske Fag på Sunnmøre, Ruth Astrid Rødal.

Den vanskelege marknaden med ordretørke for mange selskap knytt til oljeindustrien, gjer at grupper arbeidstakarar som tidlegare ofte har unngått oppseiingar, no er sterkt ramma.

Stillingstopp og nedbemanningar gjer det enno vanskelegare å for elevane å få lærlingplassar.

– Det er sjølvsagt krevjande for bedriftene om dei skal ta inn lærlingar når dei ikkje har produksjon nok, held ho fram.

Krevjande tider

– Kor dramatisk er det?

– Det er ganske dramatisk. Det er ein nedgang i Noreg generelt, og industrien står fram for ei krevjande omstilling, så det er mange som ikkje får lærlingplassar, seier Rødal.

Ho meiner likevel at det er viktig å ikkje gi opp. Vil du ha ein læreplass, så oppsøk arbeidsplassen og vis deg fram, er rådet hennar.

– Ver aktiv og ta kontakt med bedriftene. Lever CV-en din og spør etter moglegheita for å få kome på intervju, seier Rødal.

Viktig å ikkje droppe ut

Rødal minner om at industrien har opplevd og overlevd vanskelege tider før òg.

– Vi hadde ein liknande situasjon i 2002–2003. Då måtte fleire bedrifter permittere lærlingar som allereie hadde byrja på lærlingtida si, seier ho.

Ho rår alle som ikkje får lærlingplass til å starte på 3. året i skulen, i staden for å droppe ut, og understrekar at det uansett er viktig å henge med til utdanninga er fullført.

– Det viktigaste er å ikkje droppe ut. Lærlingplassar kan dukke opp i løpet av året, så det er mykje som kan skje, seier Rødal.