Hopp til innhold

Vil slutte å ta inn lærlingar viss nytt forslag går gjennom

Mange små og mellomstore bedrifter er heilt avhengige av hjelp viss dei skal ha lærlingar. Nå risikerer dei å miste verdifull oppfølging – og lærlingane.

Arild Bakken, dagligleder Bakke AS

Arild Bakken er dagleg leiar i Bygga AS. Bedrifta hans er ei lita bedrift som ikkje har ressursar til å ta hand om lærlingane utan hjelp frå opplæringskontora.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Det er galskap sett i system. Viss eit firma med ti til 20 tilsette skal drive med alt arbeidet det krev å ha ein lærling, utan hjelp frå opplæringskontoret, da blir dette min siste lærling, fortel Arild Bakken, byggmeister i Bygga AS.

– Vi har tatt inn lærlingar i 21 år. Om det kjem fram til dette, da blir det slutt, fortset han.

Arild Bakken, Bakke AS

Bakken forstår ikkje kvifor ein skal endre på system som allereie fungerer.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Han er ikkje aleine.

– Mange bedrifter sit nå i krisemøte

Fleire bedrifter og opplæringskontor har nå trykt på den store raude knappen.

Utdanningsdirektoratet har presentert fleire forslag som ifølge stortingspolitikar Margret Hagerup (H) «set heile fagopplæringa i spel».

Direktoratet vil at ein i større grad enn tidlegare skal flytte ansvaret for lærlingane frå opplæringskontora til lærebedriftene og fylkeskommunen.

Dei meiner endringane vil markere ansvarsområda til opplæringskontora, bedriftene og fylkeskommunen.

I praksis betyr dette at opplæringskontora ikkje kan hjelpe bedriftene eller lærlingane like mykje som før med kursing, få i lærebedrifter eller sette opp fagprøver.

Ansvaret kan bli flytta til bedriftene og fylkeskommunane, noko dei ikkje har høve til, ifølge Hagerup.

Margret Hagerup

Da Margret Hagerup prøvde å stille kunnskapsministeren spørsmål om kvifor dei ville endre noko som allereie fungerer, var ho ikkje fornøgd med svaret.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

– Mange bedrifter sit nå i krisemøte for å finne ut kva dei skal gjere dersom dette går gjennom, seier Hagerup.

Dei fleste bedriftene i Noreg er enten små eller mellomstore.

Fleire har ikkje ressursar til å hjelpe lærlingane med å følge opp læreplanar, tilby kurs eller legge til rette for fagprøve.

Dette har opplæringskontora hjelpt til med.

– Mest bekymra for lærlingane

Utdanningsdirektoratet meiner endringa vil gjere det betre for lærlingane.

I forslaget skriv dei: «Det vil ha mykje å seie for lærlingane at det er klare ansvarsforhold mellom opplæringskontor og lærebedrift slik at det ikkje blir uklart kven som har det faktiske ansvaret for opplæringa.»

Men Opplæringskontoret Rogaland er ueinig.

«Ansvarsmarkeringa» kan gjere det vanskelegare for både bedrift og lærling, meiner dagleg leiar i Opplæringskontoret i Rogaland, Jarle Jonassen.

– Vi er mest bekymra for lærlingane og bedrifter som ikkje kan oppfylle læreplanen hundre prosent. Desse har i dag opplæringskontora som hjelper dei med å oppfylle alle krav gjennom kurs og samarbeid med andre lærebedrifter, seier Jonassen.

Kan bli spikaren i kista for læreplassar

Ifølge Jonassen kan forslaget gjere at færre bedrifter ønsker å ta imot lærlingar.

– Vi fryktar at dersom dei lærebedriftene som ikkje oppfyller krava heilt, må begynne å gjere jobben sjølv, vil ein del av dei forsvinne, seier Jonassen.

Opplæringskontora fungerer i dag som eit bindeledd mellom lærlingar, lærebedrifter og fylkeskommunen.

Lærling i BAKKA A/S

Casper Aas Olsen er lærling i Bygga AS. Han håpar ikkje opplæringskontora forsvinn.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Dei nye forslaga vil også gjere det vanskelegare for lærlingar som ikkje trivst i ei bedrift, å byte læreplass.

– I dag får dei hjelp til dette frå opplæringskontora, mens dei ved ny forskrift må ordne dette sjølv eller ved hjelp frå fylket, opplyser Jonassen.

Utdanningsdirektoratet ønsker å flytte ansvaret til fylkeskommunen.

– Det blir meir arbeid for fylkeskommunen, slår konstituert seksjonssjef for opplæring i bedrift, Jofrid Fludal, fast.

Ber lokalpolitikarar ta til orde

Utdanningsdirektoratet vil at forskriftene skal tre i kraft allereie i august 2024. Nå ligg saka på bordet til Kunnskapsdepartementet bord.

Margret Hagerup trur ikkje kunnskapsministeren frå Rogaland vil snu på dette.

– Nå håpar eg opplæringskontora, bedriftene og lokalpolitikarane bruker stemma si for å varsle om det som kjem til å skje, seier Hagerup.

Madelen Klosster

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster, er negativ til forslaga frå Utdanningsdirektoratet.

Foto: Elevorganisasjonen

Elevorganisasjonen er også negative til forslaga.

– Noreg kjem til å mangle fagarbeidarar framtida. Forslaget kan føre til at lærebedrifter forsvinn. Det vi treng nå, er fleire lærebedrifter og fleire læreplassar, ikkje færre, seier påtroppande leiar Madelen Kloster.

Kunnskapsministeren: Skal finne gode løysingar

I eit lesarinnlegg regjeringspartia har sendt til NRK, skriv dei at Høgre har skapt ei usikkerheit rundt opplæringskontora.

Kunnskapsdepartementet ønsker at opplæringskontora skal vere ein viktig del av opplæringa, og går i ei anna retning enn Utdanningsdirektoratet la opp til.

Lærling i BAKKA A/S

Casper Aas Olsen trivst i arbeidet han gjer og seier han ikkje hadde klart å bli tømrar utan læretida.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier til NRK at ho er glad for det store engasjementet rundt læreplassar og opplæring av lærlingar, men ho presiserer:

– La meg vere tydeleg: Opplæringskontora skal framleis sikre eit breitt tilbod av læreplassar med høg kvalitet over heile landet, blant både små og store arbeidsgivarar.

Nessa Nordtun seier dei vil gå gjennom alle innspela og ha tett dialog med partane slik at dei sikrar gode og varige løysingar.

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister (Ap)

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Foto: Milana Knezevic / NRK

– Til det beste for kvar enkelt lærling, for bedriftene og for samfunnet samla sett, seier statsråden.

Utdanningsdirektoratet ønsker ikkje seie noko meir om saka. Men i oppsummeringa av høyringa som dei har sendt til Kunnskapsdepartementet skriv dei:

Vi deler flere av høringsinstansens bekymringer knyttet til hvilke konsekvenser reguleringen av samarbeidsorgan kan føre til. Slik vi ser det, vil en streng praktisering av retten til å gi opplæring kunne påvirke kvaliteten på opplæringen lærebedriftene vil være i stand til å gi. Vi er også bekymret for om fylkeskommunen er rustet til å ta over oppgavene.

Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet i oppsummering av høring

Dei har derfor endra delar av forslaget.

I ein SMS til NRK, skriver Hagerup at hun håper at Nordtun faktisk stanser forslaget denne gangen.