Hopp til innhold

– Dette må gjere inntrykk på KS

Om lag 2000 engasjerte lærarar samla seg i Molde tysdag for å demonstrere mot KS.

Lærerstreik Molde

Om lag 2000 lærarar møtte i kveld opp for å demonstrere mot KS i Molde.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Lærerstreik Molde

Torget i Rosenes by var smekkfullt av engasjerte lærarar tysdag kveld.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Arbeidstida på skulen har vore ein kjerne i konflikten mellom lærarane og KS, og no i ettermiddag varsla KS at dei vil strekkje ut ei hand til lærarane. Dette hindra ikkje rundt 2000 lærarar i å demonstrere i Molde i kveld.

Innstilt på kamp

Borghild Moe

Fylkesleiar i utdanningsforbundet, Borghild Moe.

Foto: NRK
Kolbjørg Ødegaard

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Kolbjørg Ødegaard.

Foto: NRK

Fylkesleiar i utdanningsforbundet, Borghild Moe, seier at dei er innstilt på kamp.

– Det at så mange møter opp frå heile fylket må gjere inntrykk på KS. Vi er villige til å halde fram streiken så lenge det er nødvendig. Vi krev fleksibel arbeidstid, seier Moe tysdag kveld.

Vil ha meir enn eit signal

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Kolbjørg Ødegaard, seier at det er heilt utruleg flott å ha styrken frå om lag 2000 lærarar i ryggen.

– Vi må ha meir enn eit signal frå KS før vi avsluttar streiken. Eg vil skryte av kampkrafta som vi finn her i Molde i dag, og det er ikkje tvil i at kampen vil halde fram.

– Vi vil vere lærarar og ikkje byråkratar. Vårt mål er å bruke vår fagkompetanse for å gi god undervisning. Vi vel no å prioritere arbeidstida vår, og viss vi ikkje får eit godt tilbod på bordet innan torsdag så trappar vi opp streiken, forte Ødegaard.

Trivst med fast arbeidstid

Ved Haramsøy skule har lærarane frivillig sagt ja til det som no har ført tusenvis av kollegaer ut i streik. I 15 år har dei hatt inntil sju og ein halv times dag på skulen, og ser klare fordelar med ordninga. Lærar Sigrun Rogne trivst med å ha 36,5 time fast på skulen.

– Vi vil jobbe meir saman, og då er det viktig at vi kan finne kvarandre på skulen. Eg meiner at fulle arbeidsdagar er viktig for at vi som lærarar skal klare å samarbeide, seier Rogne og legg til at ho tek med svært lite arbeid heim.

Ved Haramsøy skule har lærarane frivillig sagt ja til det som no har ført tusenvis av kollegaer ut i streik. I 15 år har dei hatt inntil sju og ein halv times dag på skulen, og ser klare fordelar med ordninga.

SJÅ TV-SAKA: Rektor Kenneth Ulla meiner at faste tider er ein styrke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL