– Ingenting er så tomt som ein skule utan elevar og lærarar

Fleire skular i Møre og Romsdal er ramma av skulestreiken. I dag måtte rektor ved Romsdal vgs. sende heim heile 550 elevar.

Ivar Rød

Det er noko som ikkje stemmer når ein skule står tom, meiner rektor ved Romsdal vgs. Måndag fekk elevane utlevert bøkene sine, men like etter vart dei alle fleste sende heimover igjen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK
Skolebøker ved Romsdal videregående skole

Første skuledag starta som vanleg med utlevering av bøker. Men det var alt det vart tid til.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

I Molde står begge ungdomsskulane tomme, og utanfor dei vidaregåande skulane sit lærarane på klappstolar. Dei kallar det ikkje streik, men eit læraropprør som dei vil halde gåande så lenge dei må.

Slik som alltid vart dagen starta med utdeling av bøker. Men første skuledag var alt anna enn normal ved Romsdal vidaregåande skule. Fleire hundre elevar blei sende heim med ranselen full av hittil ubrukte skulebøker.

Håper på rask løysing

Rektor ved Romsdal videregående skole Ivar Rød

Rektor Ivar Rød måtte sende heim mesteparten av elevane ved Romsdal vgs. i dag.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Ivar Rød, rektor ved Romsdal vgs., håper på ei rask løysing.

– Det er alltid kjekt å sjå lærarane når dei kjem heim frå ferie, men skulestarten blei ikkje heilt slik i år. Den komande veka kjem til å bli utfordrande. Enkelte elevar vil kome og gå, men dei aller fleste kjem til å vere heime, seier Rød.

Ifølge rektoren er den verste konsekvensen at undervisninga på vent. Det betyr mykje arbeid resten av året.

– Målet vårt er å sikre ei god opplæring, og at ingen elevar på lide for mykje på grunn av streiken. Ingenting er så tomt som ein skule utan elevar og lærarar, så eg håper at konflikten løyser seg så raskt som råd.

Starta med blanda kjensler

Kristine Djupvik og Sanne Bjørsvik

Kristine Djupvik og Sanne Bjørsvik støttar lærarane i streiken – men gruar seg til å ta igjen skulearbeidet.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Romsdal vgs. har vanlegvis 800 elevar til skulestart, men måndag vart 550 av dei sende heim. Blant dei var Sanne Bjørsvik og Kristine Djupvik som hadde blanda kjensler til den korte skuledagen.

– Eg vart glad når eg først fekk høyre at vi fekk fare heim, men det er ikkje fullt like kjekt at vi må ta igjen mykje når streiken er over, seier Bjørsvik.

Medeleven Kristine Djupvik er heller ikkje like begeistra for at streiken mellom KS og lærarane held fram.

– Vi har mykje arbeid framføre oss som må bli gjort på kortare tid enn normalt. Det er sjølvsagt godt med fleire fridagar, men det betyr at vi må jobbe ekstra hardt i tida etter streiken, seier Djupvik.

Elevane vel likevel å støtte lærarane i konflikten. Bjørsvik meiner at ein må stå på for å få fram meiningane sine.

Julie Kristiansen er elev ved Romsdal videregående skole

Julie Kristiansen kom måndag tilbake til Romsdal vgs. for å starte på år nummer to.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Viss ein ikkje er nøgd med arbeidstid eller andre ting på arbeidsplassen så må ein ta det opp.

Ser fram mot ei stressande tid

Andreårseleven Julie Kristiansen syns at det er trist at dei må hoppe over dei første dagane etter ferien.

– Det kan bli veldig stressande å måtte ta igjen det tapte når streiken er over. Det var ein rar start på skuleåret. Vanlegvis får vi treffe igjen lærarane og starte med det same, seier Kristiansen.

– Eit nødvendig vonde

Streikevakter ved Romsdal videregående skole

Frå høgre Hilde Reineck, Viktor Nilsen og Jon Helge Strand.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Rett utanfor sit streikevaktene iført knallgule vestar. Dei er svært synlege framfor skulebygget – og bodskapen er minst like tydeleg. Streikevakt Hilde Reineck syns likevel at det er trist at streiken går utover elevane.

– Men nok er nok. KS kan ikkje gjere som dei vil med lærarane lenger. Det er synd at det går utover elevane, og vi streikar ikkje med lett hjarte – men dette er ein svært viktig sak for oss, seier Reineck.

Kollegaen hennar, Jon Helge Strand, meiner at streiken er nødvendig. Han innrømmer at det er trist at elevane blir ramma av streiken, men seier at utan den konsekvensen så hadde det ikkje vore vits i å streike.

– Eg syns at det er pussig å starte skuleåret på denne måten, men det er ikkje nokon veg utanom. Vi kan ikkje la KS styre som dei vil, og difor er streiken eit nødvendig vonde, seier Strand.

Lærarstreiken førte til at fleire hundre elevar i dag tidleg blei sende heim i Molde. Lærarane kallar striden med staten for eit opprør, og ingen veit kor lenge streiken kjem til å vare.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Mange møtte opp på Romsdal vgs. måndag, men etter at dei fekk skulebøkene sine blei dei sende heim.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.