Hopp til innhold

Slik fekk rektor kontroll på tidstjuven

Både elevar og lærarar ved Brandsøy skule i Kinn får avgrensingar på mobilbruken. Elevane i skuletida. Lærarane utanfor skuletida.

Når klokka bikkar 17, slår kontaktlærarane ved Brandsøy skule av telefonane dei har fått av rektoren. Slik er dei ikkje lenger tilgjengelege for verken foreldre eller elevar – så sant det ikkje er heilt krise.

For medan lærarane avgrensar mobilbruken til elevane i skuletida, har rektor Monica Bøhmer innført mobiltid for lærarane utanfor skuletida gjennom skuleåret.

Målet er å verne om fritida til lærarane.

– Det er ingen grunn til at dei skal vere tilgjengelege heile døgnet.

Eit effektivt grep

Ei undersøking gjort av Opinion for Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) viser at lærarar brukar tre timar i snitt per veke på samtalar med foreldre. Éin av fire brukar meir enn fire timar.

Monica Bøhmer, rektor ved Brandsøy skule i Kinn.

TAR GREP: Rektor Monica Bøhmer vernar om dei tilsette.

Foto: Sjur Systad Tyssen / NRK

For å verne lærarane ved Brandsøy skule mot «tidstjuven» på fritida, kjøpte Bøhmer mobiltelefonar til kontaktlærarane. Det var Utdanningsnytt som først omtala saka.

Her kan lærarane kontaktast mellom klokka 08 og 17.

Med over 42 arbeidstimar i veka, er telefonane eit effektivt grep for å hjelpe lærarane å setje grenser.

– Dette gir foreldra føreseielege rammer for når dei kan rekne med å nå skulen, uansett kven som er lærar for borna deira, seier Bøhmer.

– Alle må vere lojale

– For nokre er kanskje ikkje heilt definerte «kontortider» ideelt, då dei har eigne liv, eigne born og middagar som skal lagast, seier rektor Anne-Cecilie Kapstad på Vassenden.

Ved Sunnfjord-skulen har lærarane fått kvart sitt arbeidsnummer. Lærarane set sjølve tidsrammene for når dei er tilgjengelege.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland, Steinar Strømsli, har sans for tiltak som vernar om fritida.

– Er alle involverte samde, så er dette ein god måte å gjere det på. Det er viktig at arbeidstakarar generelt ikkje får viska ut fritida si.

For at ei slik ordning skal fungere meiner tillitsvald for lærarane ved Brandsøy skule, Sonja Olsen, at det er avgjerande at kollegiet respekterer og er lojale mot ordninga.

Sonja Olsen

LOJAL: Alle respekterer ordninga, seier Sonja Olsen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Om éin er det, og ein annan ikkje, skapar det ulike forventningar hjå foreldra.

Fleire skular innfører tiltak

Nestleiar i Foreldrenes arbeidsutval (FAU) ved skulen, Gro Elin Flister, meiner det er ei god ordning.

– Ho gir oss klåre retningslinjer for når vi kan kontakte lærarar og når vi kan forvente å få svar.

Også foreldra forstår at lærarane har behov for fritid.

Gro Elin Flister, nestleiar i FAU ved Brandsøy skule i Kinn.

NØGD: FAU-nestleiar Gro Elin Flister seier tiltaket fungerer.

Foto: Sjur Systad Tyssen / NRK

– Lærarar får halde på privatlivet sitt. Er det heilt kritisk, så er det sjølvsagt opningar, men i dei aller fleste tilfelle får ein svar neste morgon. Det er godt nok.

Utdanningsforbundet har ikkje oversikt over kor utbreitt slike tiltak er i den norske skulen, men stiller seg positive til dei.

Utdanningsforbundet sin fylkesleiar i Vestland oppmodar alle lærarar til å gjere grep for å sikre at dei ikkje er på jobb heile døgnet.

– Kvar enkelt lærar står fritt til å gjere det, for ingen, verken leiinga eller andre, kan tvinge dei til å vere tilgjengelege døgnet rundt, seier Strømsli.