Hopp til innhold

Stor spenning rundt ny lærarstreik

Klokka tjue i kveld går fristen ut i uravrøystinga for lærarane til å seie ja eller nei til forslaget til avtale med KS.

Lærerstreik i Bodø

Tysdag kveld kan det bli ny streik viss lærarane seier nei til KS.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Spørsmålet er om dei skal prøve å få ein betre avtale, men då må dei gå på ein ny streik, og dette gjer at det er stor frustrasjon blant mange lærarar om kva dei skal røyste. Men Utdanningsforbundet trur på eit klart ja.

Wenche Eidhamar

Wenche Eidhamar blir svært overraska om det skulle bli nei-fleirtal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Eg håper veldig på ja.

Dette klare svaret kjem frå arbeidsplasstillitsvalgt i Utdanningsforbundet ved Romsdal vidaregåande, Wenche Eidhamar, som ikkje har lyst på ein ny streik.

– Eg har vore i streik i tre veker og kjenner at eg treng å vere på jobb saman med elevane. Eg vil gi dei god undervisning, seier ho.

Mange i tvil

Eidhamar innrømmer at ho blir svært overraska viss svaret blir nei, men ho har registrert at mange er i tvil.

– Eg har sett at mange har sterke meiningar om dei sentrale punkta i avtalen, så det blir spennande å sjå kva resultatet blir.