Hopp til innhold

- Straumnettet styrka

Tafjord Kraft er fornøgd med at NVE har gitt Statnett konsesjon til å bygge kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

Sverre Devold

Konsernsjef i Tafjord kraft, Sverre Devold.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Avklaringa er viktig for å styrke straumnettet, seier konsensjef Sverre Devold.

Treng kapasiteten

Sverre Devold seier at forsyningssituasjonen i Midt-Noreg er så pressa at regionen treng meir kapasitet for å hente straum til regionen.

- Vi er tilfreds med at det blir ei løysing på nettproblematikken i Midt-Noreg. Det er heilt naudsynt for regionen at vi får ei forsterking av straumnettet. Sjølv om dette har vore kontroversielt, er det viktig å få linja på plass, seier Devold.

Traséval

Tafjord Kraft har ikkje i vesentleg grad lagt seg opp i kva løype som skulle velgast for kraftlina. Men selskapet har interesse i at lina skal vere så kostnadseffektiv som mogleg.

Til NRK Møre og Romsdal seier ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal, at vedtaket om kraftlina kan føre til at kommunen går til søksmål mot Staten.

- Trasévalet er først og fremst ei sak mellom Statnett og dei berørte partane. Vi er mest opptekne av at linja kjem og at ho kjem på ein kostnadseffektiv måte. Vi har ikkje engasjert oss i korleis denne linja blir lagt. Men å tilfredstille alle krav om utforming og linjeval ville ha utløyst store kostnader, seier Devold.

Viktig bidrag

I Midt-Noreg har ordet kraftkrise vore mykje brukt dei siste åra. Den nye lina sikrar, i alle fall på kort sikt, at til blir god straumforsyning til regionen.

- Med dagens forbruk i Midt-Noreg blir dette ei vesentleg styrking av nettet. Korleis situasjonen blir i framtida, med elektrifisering av oljeinstallasjonane i Norskehavet, er ikkje godt å seie. Vi trur det er behov for å auke produksjonsevna, men på kort sikt er den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal eit betydningsfullt bidrag, seier Sverre Devold.

Forbedret nett først i 2012

- Sjøkabel er ikkje nok

Kabel må ikkje utelukkast!

Skeptisk til sjøkabel

Større kraftmangel i 2015

Straum på dumpingsal

800 fråsegner om kraftlinja

- Betyr stopp for all gasskraft

NVE vil ha fleire utgreiingar

Sårbar straumforsyning

Vil ha kraftlinje i kabel

Redd Geirangerfjorden blir ruinert