Det er mange kablar og rør fra før som nå ligger på langs av fjorden. Den nye kabelen vil ligge på tvers over de gamle. Dette vil gjere reparasjonar vanskelege, meiner Kystverket.
Spindelvev i fjorden
Møre og Romsdal fylke godtar ikkje kraftline i luftspenn i verdsarvområdet, og fylkesutvalet meiner sjøkabel er einaste alternativ.
- Så enkelt er det ikkje, seier regiondirektør Harald Tronstad.
For dersom ein skal kunne reparere eller halde kablane ved like, vil det bli naudsynt å heise den nye kraftkabelen opp av sjøen for å komme til.
- Det kan jo hende at det blir aktuelt å legge fleire kablar på tvers seinare. Det vert det jo eit spindelvev av kablar i fjorden om ein skal legge dei i alle retningar, meiner Tronstad.
Andre må avgjere
Vassdrags- og energidirektorat har sagt ja til planar om høgspentline i luftspenn i Hardanger, på tross av sterk motstand lokalt.
I neste omgang er det strekninga Fardal-Ørskog NVE skal vurdere.
- Andre må vurdere om luftspenn er ei meir reell løysing på problemet. Vi vil berre gje merksemd til det som er problemet med å legge linja i sjøkabel, seier Tronstad.