Redd Geirangerfjorden blir ruinert

Planane om den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal i Sogn møter motstand hos styresmaktene. Direktoratet for naturforvalting fryktar spesielt konsekvensane for området rundt Geirangerfjorden, og meiner lina må leggjast utanom verdsarvområdet.

Geiranger med Homlung
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Direktoratet for naturforvaltning (DN) meiner den planlagde kraftlina er eit naturinngrep av uvanleg storleik. Dei peikar på at strekninga rundt Geirangerfjorden er spesielt utsett, og meiner lina må leggjast utanom verdsarvområdet.  I eit brev til Noregs vassdrags- og energidirektorat skriv DN at det generelt er viktig å leggje så mykje av lina som mogleg i jorda, for å ta vare på landskapsverdiar i heile området.

 

Mellom 25 og 30 mil

Statnett har søkt om å få byggje ei kraftline på mellom 25 og 30 mil, som strekkjer seg frå Ørskog til Fardal i Sogn. Saka er no sendt ut på høyring, og DN skriv i si høyringsfråsegn at dei har nokre få, men vesentlege, innvendingar til framstillingane og konklusjonane som Statnett har lagt fram. DN meiner det konsekvensutgreiinga ikkje er grundig nok når det gjeld korleis kraftlina vil påvirke verdsarvområdet. Området rundt Geirangerfjorden er spesielt trekt fram.

 

Kraftlinja Sogn - Sunnmøre
Foto: Statnett

Ser bort frå prisen

I fråsegna kjem det også fram at DN meiner pengane ikkje må styre korvidt kraftlina blir lagt i jorda eller i lufta: "DN registrerer at kablingsalternativa på grunn av kostnadene blir vurdert å gjere prosjektet ulønsamt for kraftsystemet. Vi meiner likevel ein må vurdere kva ein i staden kan klare å ta vare på av landskapsverdiar på delar av trasèen, før ein avskriv kabel som alternativ".