Hopp til innhold

Sårbar straumforsyning

- Straumforsyninga på Sunnmøre er for sårbar, seier beredskapsleiaren for kraftforsyninga. Årsaka til at titusenvis av menneske blei utan straum søndag er enno ukjend.

Kraftlinjer
Foto: Rainer Prang

Søndag formiddag miste folk på Sunnmøre og i Vestnes straumen i lengre tid - frå eit kvarter til tre timar. Årsaka var ein feil på hovudlinja mellom Sunndal og Giskemo i Ørskog.

 

Svein Rødal i Istad Nett

Svein Rødal

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

 

Synfaring

Statnett veit enno ikkje kva som var årsaka til straumbrotet, men skal på synfaring med helikopter så snart vêret tillet det. - I mellomtida er det reserveforsyninga som er innkopla. Skulle det oppstå feil på den, kan straumbrotet bli lengre enn det var søndag, seier Svein Rødal, som er beredskapsleiar for kraftforsyninga i Møre og Romsdal.

 

- Noko ein må leve med

- Denne gongen oppstod feilen på ein søndag. Normalt er det lite forbruk i helgane, og mange kraftstasjonar står. Då er vi avhengige av eit leidningsnett som er tilstrekkjeleg til å dekkje behovet. På Sunnmøre har vi no ikkje eit nett som strekkjer til når hovudforsyninga blir borte, seier Rødal. - Dette er ikkje kjekt å leve med, og det er heller ikkje akseptabelt, så avhengige som vi er av elektrisk kraft. Men det er ein situasjon Sunnmøre må leve med til kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog er bygd. Den vil både styrkje reserveforsyninga til Sunnmøre og dekkje kraftunderskotet i fylket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL