Hopp til innhold

- Betyr stopp for all gasskraft

- Avslaget i Fræna betyr stopp for all bygging av gasskraft i Norge, seier styremedlem i Industrikraft Møre, Sverre Devold.

Industrikraft Møre vurderer å anke til Olje-og energidepartementet etter at NVE har avslått søknaden om å få bygge eit gasskraftverk utan reinsing i Elnesvågen i Fræna.

Ifølgje NVE  inneber dei politiske signala  at det ikkje skal bli bygd fleire gasskraftverk utan reinsing her i landet.

Overaskande

Svere Devold som er administrerande direktør i Tafjord Kraft og styremedlem i Industrikraft Møre, seier avslaget var overskande.

Sverre Devold, styremedlem i Industrikraft Møre.

Sverre Devold.

Foto: Arkiv. / NRK

- Ja, vi blei veldig overraska. Vi ser jo at CO2 problematikken er krevjande i samband med gasskraftverk, men vi hadde venta at NVE skulle vidareføre den praksisen dei har lagt seg på før og at vi heller ville møte kravet om utsleppsløyve frå SFT seinare.

Utan reinsing

Planane til Industrikraft Møre var eit gasskraftverk utan CO2- reinsing. Anlegget skulle stå ferdig i 2010, og var kostnadsrekna til to milliardar kroner.

- At NVE sier nei til dette, og samtidig påpeikar at eit gasskraftverk med reinsing ikkje vil svare seg vil, gjer situasjonen vanskeleg, seier Devold.

Andre løysingar

NVE skriv i avslaget at det finnast andre løysningar for å betre kraftforsyninga i området, og viser til den omstridte kraftlinja mellom Ørskog og Fardal og eventuelle vindkraftprosjekt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL