Hopp til innhold

800 fråsegner om kraftlinja

NVE har fått rekordmange svar i høyringa om den planlagde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre.

Høyspentledning
Foto: Guro Birkeland Kjellsen / NRK

Noregs vassdrags- og energidirektorat har til no fått nesten 800 svar - uvanleg mange, seier seksjonssjef Tormod Eggan i NVE.

Dei nesten 800 svara finn du her:

Høyringa om linja Ørskog - Fardal

Stort engasjement

- Eit så stort engasjement er uvanleg, men kraftlinja mellom Fardal og Ørskog berører to fylke og mange kommunar, seier Eggan. Mange av høyringsfråsegnene seier nei til luftspenn og krev at linja blir lagd i jord eller sjø, men det er også mange framlegg om traséjusteringar og tiltak som gjer skadeverknadene mindre.

Tidleg i 2009?

- Dette er eit svært stort prosjekt, korleis arbeider NVE no?

- I første omgang må vi få eit så godt avgjerdsgrunnlag som råd slik at vi saman med dei som eventuelt skal leve med anlegget kan vere trygge på at vi har fått fram alle relevante følgjer av prosjektet. Det er det vi er i ferd med no - vi har stilt ei rekkje tilleggskrav til Statnett for å få eit endå betre grunnlag å byggje avgjerda på. Så skal vi gå gjennom fråsegnene og sjå om grunnlaget er tilstrekkeleg.

- Når kan NVE komme med ei innstilling?

- Det er vanskeleg å seie sikkert. Dersom ikkje fråsegnene fører til fleire utgreiingar, kan vi ha eit klart svar tidleg i 2009, seier Tormod Eggan i NVE.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL