Hopp til innhold

Kabel må ikkje utelukkast!

Det meiner stortingsrepresentant for Høgre, Elisabeth Nørve. Ho vil be energiministeren sjå på forslag om å legge kraftlinja mellom Ørskog og Sogn og Fjordane i kabel.

Elisabeth Nørve
Foto: Rune Hansen / NRK

Statnett har tidlegare gitt uttrykk for at det å legge kraftlinja i kabel vil bli for dyrt.

Men Elisabeth Nørve (H) er meiner at kabel likevel ikkje må utelukkast som alternativ når saka skal opp i Stortinget.

Nye tal

Sjøkabel ilandføres

Sjøkabel kan ikkje utelukkast, meiner Elisabeth Nørve (H).

Foto: Statnett

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Molde, Per Bjarte Solibakke, har sett opp eit reknestykke som syner at det å legge kraftlinja mellom Ørskog og Fardal i Sogn og Fjordane i kabel, ikkje blir dyrare enn å bygge i luftlinje.

Med dei høge kraftprisane i regionen og dei store naturinngrepa kraftlinja vil føre med seg trur han ein sjøkabel vil verte lønnsam.

- Det er veldig viktig at desse opplysningane blir tatt med i dei vidare vurderingane. Difor vil eg be statsråd og departement om å sjå på dei nye tala, seier Nørve.

Ho håper at ei løysing med fokus på å værne naturområda vil få gehør i Stortinget.

- Vi kan ikkje øydelegge naturen i dette området, slår Nørve fast.