Hopp til innhold

Kraftlinevedtak kan føre til søksmål

- Det er sjokkerande å oppleve at den store kraftlina kjem. Vi var klar over at dette kunne kome. Får vi ikkje stoppa dette kan det bli aktuelt å gå til søksmål mot Staten, seier ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal.

Kraftlinje
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Noregs Vassdrags og energidirektorat (NVE) har sagt ja til den kontroversielle kraftlina mellom Sunnmøre og Sogn.

Søksmål mot Staten

Til NRK Møre og Romsdal seier ordførar Jan Kåre Aurdal at han ikkje ser vekk frå at det kan bli aktuelt å gå til søksmål mot staten.

- Dersom vi ikkje når fram med synspunkta våre, ser eg ikkje vekk frå at vi kan gå til søksmål mot Staten. Dette ser vi på som så alvorleg for framtida at dette ikkje er nokon framand tanke for oss, seier Aurdal.

Ja til omstridd kraftline

Verdsarvområde

Jan Kåre Aurdal

Ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kraftlina er svært kontroversiell. I prosessen har det vore teke i bruk karakteristikkar som "monsterline". Lina skal også krysse innfallsporten til verdsarvområdet i Storfjorden.

- Dette har med natur og miljø å gjere, det har med buforholda å gjere. Lina er fire gonger så stor som den som går i området i dag. Dette blir svært øydeleggande, seier Jan Kåre Aurdal.

Grasrotopprør mot monstermaster

Postkortaksjon mot kraftlinjer

Vil ha kraftlinje i kabel

Kraftselskap fornøgde

Eit av kraftselskapa i området, Tafjord kraft, er godt fornøgde med vedtaket, og meiner at straumnettet no er styrka. Midt-Noreg har hatt mangel på elektrisk kraft, og Tafjord kraft meiner at situasjonen no er redda på kort sikt.

Utfordrande straumsituasjon

I Møre og Romsdal er kraftforbruket større enn tilgangen på kraft. Midt-Noreg er skilt ut som eigen kraftprisregion, og det har vore etablert mobilt gasskraftverk som skulle hindre kraftkrise.

- Det er klart vi treng straum. Vi har aldri betvilt dette behovet. Det er berre eit spørsmål om kva måte vi gjer dette på. Vi har heile tida peika på at Statnett må greie ut andre alternativ. Vi meiner Statnett ikkje har gjort dette godt nok, seier Aurdal.

Jord og sjøkabel

Motstandarana mot kraftlina ønskjer at kablane ikkje skal henge i lufta på master, men gravast ned i bakken eller leggast som kabel i sjøen.

- Vi knyter til oss fagfolk som hjelper oss til å finne alternative løysingar, og dette skal vi arbeide hardt med framover, seier Jan Kåre Aurdal.

Kraftlinja Sogn - Sunnmøre
Foto: Statnett

-Må godta luftspenn

Vil kompromisse om kraftlinje

- Sjøkabel er ikkje nok

Kabel må ikkje utelukkast!

- Kabel kan løne seg

Skeptisk til sjøkabel