Hopp til innhold

NVE vil ha fleire utgreiingar

Vassdrags- og energidirektoratet ber Statnett om ei rekkje tilleggsutgreiingar i samband med den planlagde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre.

Høyspentledning
Foto: Guro Birkeland Kjellsen / NRK

Eit viktig grunnlag for dette kravet er dei 330 fråsegnene til konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga.

Blant anna ber NVE Statnett om å vurdere fleire transformeringspunkt på strekninga og om eksisterande kraftleidningar kan rivast. 

NVE krev òg utgreiingar om tema som jord- og sjøkabel, elektromagnetiske felt, verna vassdrag og biologisk mangfald. Dessutan blir det stilt ei rekkje detaljkrav i dei enkelte kommunane, krav som for det meste gjeld traséjusteringar.

Når det gjeld konsekvensar for verdsarvområde, samarbeider NVE med Direktoratet for naturforvalting og Miljøverndepartementet for å få eit betre grunnlag for å fatte vedtak.

Tilleggsutgreiinga skal ut på høyring før NVE gjer vedtak om den planlagde 420 kV kraftlinja Fardal - Ørskog hausten 2008.

Detaljane i kravet frå NVE finn du her: Kravet om tilleggsutgreiingar

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL