NRK Meny
Normal

- Sjøkabel er ikkje nok

Diskusjonen om kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre må handle om meir enn økonomi, seier Tor Inge Akselsen i Statnett.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Tor Inge Akselsen

Foto: NRK

Sjøkabel vil ikke dekkje alle behova på strekninga mellom Fardal og Ørskog, meiner kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

- Både økonomi og teknologi

- Ein sjøkabel over ei så lang strekning må vere ein likestraumskabel. Ein slik kabel vil ikkje dekkje det same behovet som ei vanleg kraftleidning kan gjere, seier Akselsen. Han understrekar at dette er eit svært komplisert spørsmål, og at debatten slik han går no, ikkje tek omsyn til at det gjeld både teknologi og økonomi.

- Skulle det bli bestemt å leggje denne overføringslinja i kabel fordi ein finn dei ekstra pengane, må det likevel byggjast ekstra kraftlinjer fordi det er planar om både vindkraftverk og småkraftverk i desse områda. Den krafta må også transporterast til brukarane, seier Tor Inge Akselsen.

- Kabel uaktuelt

Førsteamanuensis Per Bjarte Solibakke ved Høgskolen i Molde har rekna ut at det ikkje vil bli så mykje dyrare å bygge sjøkabel enn luftspenn. Særleg om ein reknar inn verditapet i områda kraftlinja går gjennom. Men Akselsen meiner det er feil å berre fokusere på økonomi i denne debatten.

- Skulle sjøkabel bli ståande att som det einaste ein vil ha, må vi la dette prosjektet liggje og finne andre løysingar. Det vil innebere meir bruk av reservegasskraftverka på Tjeldbergodden og Nyhamna, seier han.