Hopp til innhold

Straum på dumpingsal

Dumpingprisar på straum sør for Stad og Dovre er smertefull for bedrifter i Møre og Romsdal.

Vamma kraftstasjon, flommen 1995
Foto: Stenersen, John / SCANPIX

Mykje smeltevatn og trøbbel på overføringslinjene til utlandet gir kunstig lav straumpris sør for Stad og Dovre.

Dette fører til konkurransevridning for bedriftene, seier regiondirektør i NHO, Toril Ytreberg.

- Mange bedrifter opplever dette som smertefullt og tapar i konkurransen i forhold til bedrifter sør for Stad og Dovre som no kan kjøpe straum til langt lavare pris enn det vi kan gjere her i fylket, seier regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Spotprisen

Det er den såkalla spotprisen eller gjeldande marknadspris frå time til time, som er så forskjellig. Større bedrifter har inngått langsiktige avtalar om straumprisen, men for dei små og mellomstore er det ikkje mogleg å forhandle seg fram til slike avtalar, seier Ytreberg.

Ny kraftlinje

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Tor Inge Akselsen sier det ikke er mogleg å forandre på kort sikt.

Foto: NRK

På kort sikt er det likevel ikkje mogleg å utjamne prisane mellom nord og sør, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

- Dette vil nok kunne svinge inntil vi får på plass kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre. Inntil den er på plass vil det ikkje vere nok overføringskapasitet til at ein får utjamning, seier Akselsen.

Snart over

Ifølgje Akselsen vil ikkje denne sitausjonen vare lenge. Når største delen av snøsmeltinga er over og kraftlinjene til utlandet er reparert vil straumprisane igjen normalisere seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL