Hopp til innhold

- Styreleiaren burde ha gått av før

Ralph Herter, tillitsvald ved sjukehuset i Kristiansund, seier det er heilt greitt at styreleiaren for Helse Nordmøre og Romsdal trekkjer seg.

Ralph Herter

Ralph Herter er tillitsvald i Kristiansund. Han meiner det er greitt at Helge Aarseth trekkjer seg som styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det kjem heilt ulike reaksjonar i Molde og Kristiansund på at styreleiar Helge Aarseth trekkjer seg. I Molde beklagar dei tillitsvalde avgangen. I Kristiansund seier dei det er heilt greitt.

– Det er heilt på sin plass og absolutt på tide. Han burde faktisk ha gjort dette mykje tidlegare. At han gjer dette er verken overraskande eller noko vi ikkje ønskjer. Det er sjølvsagt riktig at han trekkjer seg, seier tillitsvald Ralph Herter ved sjukehuset i Kristiansund.

– Leia ei dårleg utvikling

Helge Aarseth

Helge Aarseth trekte seg i går som styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Legane i Kristiansund ser ikkje særleg positivt på utviklinga i Helse Nordmøre og Romsdal i den tida Helge Aarseth har leia foretaket. Bakgrunnen er planane om ei fordeling av funksjonane for sjukehusa i Molde og Kristiansund, der fødeavdelinga og akuttfunksjonane etter planen skulle flyttast frå Kristiansund til Molde.

– Aarseth har vore ein sentral person i ei utvikling som var svært bekymringsvekkjande og uheldig for regionen og for foretaket, seier Herter.

– Ny styreleiar gir ikkje noko positivt

Ralph Herter har ikkje trua på at ein ny styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal skal gi Kristiansund sjukehus noko positivt tilbake.

– Vi ser ikkje heilt for oss korleis Helse Nordmøre og Romsdal skal kunne fungere vidare i det heile teke, seier Herter.

– Styreleiar med tom verktøykasse

Bernd Müller

Bernd Müller er tillitsvald i Molde. Han beklagar at Helge Aarseth trekte seg som styreleiar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Reaksjonen på avgangen er heilt motsett i Molde. Der beklagar dei at Helge Aarseth går av.

– Eg tykkjer dette er veldig leit. Det er ein konsekvens av at han har vore styreleiar med tom verktøykasse. Det hadde vore betre om Aarseth hadde halde fram som styreleiar. Men kampen vår skal vinnast uansett, seier tillitsvald i Molde, Bernd Müller.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL