Hopp til innhold

- Krev klare sjukehussvar

På eit møte mellom Mørebenken og fylkesutvalet i Molde i dag vart sjukehussaka drøfta. Alle var samde om at det har oppstått ei alvorleg tillitskrise mellom fogderia på Nordmøre og i Romsdal.

Video MØREBENKEN OM SJUKEHUS

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Representanane på Mørebenken vil krevje eit klart svar på kva som no skjer i sjukehussaka frå Helseministeren og Statsministeren snarast råd.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik, Framstegspartiet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Vi vil ha ein garanti frå regjeringa om at det skal vere sjukehus både i Kristiansund og Molde. Begge skal ha akuttfunksjonar og fødeavdeling, og det skal kome eit nytt sjukehus i Molde, seier Harald Tom Nesvik, Frp. Det nye sjukehuset i Molde må gjerne ha private investorar, legg han til.

–Dette bør skje så fort som mogleg?

–Ja, så fort som mogleg. Det fortener innbyggarane i regionen, seier Nesvik.

– Helseministeren må avklare

Stortingsrepresentant Else May Botten representerer Arbeiderpartiet, slik helseministeren også gjer. Botten seier helseministeren må kome med ei avklaring.

Else May Botten

Else May Botten, Arbeidarpartiet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Det er viktig at helseministeren no avklarar situasjonen slik at vi kan få arbeide konstruktivt. Statsministeren sit jo på toppen, så dersom det ikkje kjem noka avklaring under han, då må han avklare det, seier stortingsrepresentant Else May Botten.

– Kor hardt vil de presse på?

– Vi melder frå om at vi treng ein situasjon som er tydeleg, så vi veit kva vi har å halde oss til. Det er det vi bed om framover, seier Else May Botten.