Hopp til innhold

Uroa for rekrutteringa til Molde sjukehus

Yngre Legers Forening i Molde er uroa for rekrutteringa til sjukehuset.

Molde sjukehus

Helseministeren vil at Molde sjukehus skal pussast opp for fleire millionar kroner. Det kan bli ein langvarig byggeprosess.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

I førre veke vart det klart at det ikkje vert byggestart for nytt sjukehus i Helse Nordmøre og Romsdal før i 2018.

– Å kaste sjukehuset i Molde ut i eit åtte år langt byggeprosjekt vil øydelegge rekrutteringa, seier Torgrim Skiaker.

Fryktar kompetanseflukt

Skiaker er tillitsvald i Yngre legers forening i Molde, og han seier at unge legar har store krav til korleis ein arbeidsplass skal vere.

– Lokalsjukehusa langs kysten er ofte tufta på sterke personlegdomar og overlegar som har vore der i ein mannsalder. Desse nermar seg no pensjonsalderen. Yngre legar ventar andre arbeidskår enn dei gamle legane. Eg er redd det blir ein flukt av kompetanse, seier Skiaker.

Legar utan erfaring

Skikaker trur at dette kjem til å gå ut over den faglege utviklinga ved sjukehuset. Og han trur det kjem til å gå ut over pasientane.

– Det vil alltids vere mogleg å rekruttere unge legar på kort sikt, som ønskjer ein start på karriæren. Men eg er redd svært få kjem til å bli verande. Det blir liten kontinuitet, og ein kjem heile tida til å ha uerfarne legar, seier Skiaker.