Hopp til innhold

– 65 millionar held berre til flikking

Helse Midt-Noreg skal bruke 65 millionar kroner på oppussing av eit sjukehus som ikkje har framtida for seg. I dag var det nye styret på synfaring. Dei innser at millionane held berre til flikking.

Helsepolitikarane er samde om at Molde sjukehus på Lundavang treng avløysing. Men måten dette skal skje på er så konfliktfylt, at sjukehuset står i fare for å rotne på rot. Sjukehuset er slite og vedlikehaldet har vore mangelfullt.

Grete Teigland

Grete Teigland forklarte at dei tilsette måtte vere veldig kreative for å skape levelege arbeidsvilkår på sjukehuset.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Knut Ivar Egseth

Tillitsvald Knut Ivar Egseth seier at dei ikkje kan vente på noko nytt, felles sjukehus.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Torbjørg Vandvik

Styremedlem Torbjørg Vandvik i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Svein Anders Grimstad

Svein Anders Grimstad, styremedlem i Helse Møre og Romsdal, seier Molde sjukehus kan halde i 5–7 år til med flikkinga som no blir gjort.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
– Her kan de sjå ein kontorplass. Dette er plassert som eit forkontor til toalettet, fortalde Grete Teigland, avdelingssjef for gynekologi og føde, til representantane i det nye styre for Helse Møre og Romsdal då dei var på synfaring i dag.

– Kan ikkje vente

Dette er berre eitt eksempel på dei vanskelege tilhøva ved det gamle sjukehuset i Molde. Sjukehuset er så nedslite, at alle forslag om at desse bygningane skal oppgraderast til eit nytt og fullverdig sjukehus er lagde til side. Alternativa er eit felles sjukehus mellom Kristiansund og Nordmøre, eller å byggje eit nytt på Eikrem i Molde.

– Vi kan ikkje sitje og vente på noko felles sjukehus. Det vil ta mange, mange år å realisere eit slikt sjukehus. Det blir mange, mange kampar og omkampar. Det kan ta 20 år før eit slikt sjukehus kan vere på plass. Vi kan ikkje vente på dette, seier Knut Ivar Egseth, tillitsvald i Fagforbundet.

– Ikkje for framtida

Nokre har stilt spørsmål ved om det er rett å bruke 65 millionar kroner på eit sjukehus som ikkje skal vere i bruk om nokre år. Uansett rekk 65 millionar kroner berre til småflikking, seier styreleiar John Harry Kvalshaug.

– Her er det trongbudd og det er ikkje funksjonelt framtidsretta. Likevel er her ei ånd og eit personale som gjer at pasientane møter eit godt innhald i sjukehuset, seier Kvalshaug.

– Løyse det grunnleggjande

Dei 65 millionar kronene er ei slags førstehjelp for å bremse forfallet på sjukehuset.

– Vi må løyse det elementære som det er meldt avvik på. Vi må vere ærlege på at dette held berre til små flikkingar. Men det skal vere tilstrekkeleg, ifølgje fagrapportane. Då kan det drivast forsvarleg her i ein periode på fem til sju år, seier Kvalshaug.

Synfaring Molde sjukehus

Styret i Helse Møre og Romsdal fekk oppleve at det var trongt, då dei var på Molde sjukehus i dag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Svært utfordrande

Det er trongt og tungdrive i dei gamle bygningane på Molde sjukehus. Både tilsette og pasientar slit med dette kvar einaste dag.

– Tilsette og pasientar går på kryss og tvers når dei skal inn og ut frå undersøkingar og til ulike behandlingar. Det er svært utfordrande, seier styremedlem i Helse Møre og Romsdal, Torbjørg Vanvik.

– Maksimalt av kva som er mogleg

Dei 65 millionar kronene skal altså brukast slik at dei gamle bygningane ved Molde sjukehus skal kunne gjere teneste nokre få år til.

– Vi planlegg for at Molde sjukehus skal vere brukbart i fem til sju år til. Det trur eg er maksimalt av kva som er mogleg innan akseptable rammer, seier Svein Anders Grimstad, styremedlem i Helse Møre og Romsdal.

Molde sjukehus

Molde sjukehus er gamalt og nedslite.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK