Hopp til innhold

AMK sentalen i Molde består

Helse Midt-Noreg har i dag bestemt seg for å behalde AMK-sentralen i Molde. Vedtaket blei gjort i formiddag og inneber at det framtidige Helse Møre og Romsdal får behalde AMK-sentralane både i Molde og i Ålesund.

Molde sjukehus
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

En faggruppe i Helse Midt-Noreg foreslo i slutten av april å legge ned AMK-sentralen i Molde. Dette ville samtidig innebere ei styrking av sentralen i Ålesund.

Fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt argumenterte med at det ville vere ei styrking av den faglege kvaliteten å knytte AMK-sentralane til dei største akutt-medisinske miljøa i regionen. Han peika då på Ålesund sjukehus og St.Olavs hospital i Trondheim.

Forslaget vekte stor harme ved sjukehuset i Molde.

Knut Ivar Egset

Tillitsvald Knut Ivar Egset ved sjukehuset i Molde har kjempa for å behalde AMK-sentralen ved sjukehuset.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tillitsvald Knut Ivar Egset karakteriserte forslaget som kjempealvorleg og argumenterte med at AMK-sentralen er hjartet i sjukehuset. Han sa at ei eventuell nedlegging ville få alvorlege følgjer på sikt.

Også sjukepleiarforbundet i Molde reagerte på forslaget om nedlegging. Dei etterlyste ein heilskapeleg plan når administrasjonen ville fjerne noko utan samtidig å tilføre noko anna.

- Vi føler heile tida at vi misser nok, sa tillitsvald i sjukepleiarforbundet, Tor Rune Aarø.

No har både tillitsvalde og sjukepleiarforbundet fått støtte i styret for Helse Midt slik at begge AMK-sentralane i Møre og Romsdal blir oppretthaldne.

Leder for AMK-sentralen i Molde, Trude Solenes sier hun er glad for vedtaket i dag.

- Dette betyr enormt mykje både for oss og for befolkninga i vårt distrikt. Det å ha tryggheit på at vi får drive vidare med god kvalitet på tenestene og nærleik til pasisentane, det gjer oss veldig glad og gjer oss stolte over den jobben vi gjer.

- Dette er å sparke dei som alt ligg nede

Tusen brot på overtidsreglane

- En gledens dag