Hopp til innhold

- Regjeringa har endra premissane i sjukehussaka

Høgreleiar Erna Solberg seier Høgre framleis står på vedtaket om å støtte nytt sjukehus i Molde. Men samstundes seier ho at regjeringa har endra premissane, og at Høgre dermed må sjå på spørsmålet på nytt når det kjem opp.

Erna Solberg

Høgreleiar Erna Solberg var i dag i Møre og Romsdal. Ho seier at regjeringa har endra premissane i sjukehussaka.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgreleiar Erna Solberg var i dag på besøk i Haram og i Ålesund. I første rekkje jubla ho over at partiet, ifølgje meiningsmålingane, fossar fram i Møre og Romsdal. Men ho måtte også svare på spørsmål om sjukehussaka.

– Vi gav eit løfte om å byggje nytt sjukehus i Molde. Vi ser ikkje at det har kome nye moment i den saka. Men no er det slik at regjeringa har lagt heilt nye premiss i saka. Då må vi til slutt sjå på saka, seier Erna Solberg.

Korleis tolkar du det Erna Solberg seier her? Skriv om det i kommentarfeltet under artikkelen.

– Kan ikkje begynne med nye, kvite ark

Erna Solberg ser no at den noverande regjeringa legg føringar i sjukehussaka som ei eventuell framtidig borgarleg regjering kan kome til å arve.

– Vi har eit ønskje om at det skal byggjast eit godt sjukehustilbod. Det har vi stått fast på så langt, seier Solberg.

– De vil altså byggje nytt sjukehus i Molde?

Ja, altså, sanninga er at eg er litt tilbakehalden med å love så mykje akkurat no. Det som skjer når ei regjering kansellerer dette slik dei har gjort, er at vi ikkje kan begynne med heilt nye, kvite ark. Men vi har vore usamde i den avgjerda som regjeringa har gjort, seier Solberg.

– Sjukehussaka har endra oppslutnaden om partia

I ei meiningsmåling som blei offentleggjort sist tysdag, får Høgre 24,2 prosent oppslutnad. For første gong er Høgre det største partiet i Møre og Romsdal. Erna Solberg trur sjukehussaka er mykje av årsaka til den politiske omveltinga i Møre og Romsdal.

– Sjukehussaka har sjølvsagt betydd mykje for utviklinga i oppslutnaden om dei ulike partia i Møre og Romsdal. Lokale saker er viktige. Straumspørsmålet er viktig. Men eg trur også at mangelen på verdiskapingspolitikk er viktig for utviklinga, seier Solberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL