Svensk baketradisjon som høyrer jula til.

VIDEO: Sjå korleis dei bakte brødet i Fjernsynskjøkkenet i 1988.

Svensk vørterbrød

Før i tida vart det brukt vørter etter ølbrygging i dette brødet, som mange bakar til jul i Sverige.

Slik gjør du

Smelt smør eller margarin i ein kjele. Ha i sirup (om lag halvparten) og øl. Varm blandinga til 37 grader.

Smuldre gjæren i arbeidsbollen på kjøkkenmaskina. Hell i den varme deigvæska og innhaldet i vørterposen. Bland. Ha i det grove rugmjølet, det sikta rugmjølet og ein del av kveitemjølet. Hald igjen eit par desiliter av kveitemjølet til utbaking.

Ha i rosinene og elt deigen godt saman. Dekk den til, og la den heve til dobbelt storleik på ein trekkfri plass.

Ta deigen på bakebordet. Elt eventuelt i meir mjøl. Deigen må vera fast. Del den i to, og trill lange brød. Legg brøda på smurd plate. Dekk med klede, og la brøda heve på ein lun plass i cirka 30 minutt.

Steik brøda midt i omnen ved 175 grader i cirka 40 minutt. Pensle over brøda eit par gonger under steikinga med varmt vatn blanda med sirup. Dette vil gje ei blank, fin skorpe.

Pakk dei ferdigsteikte brøda inn i klede, og avkjøl dei på rist.

Tips

I Sverige blir det seld posar med tørka vørter og dei kryddera som skal til i brødet. Viss du ikkje får tak i ferdigblanda vørterkrydder, kan du krydre deigen med 3/4 teskei pepar, ei teskei ingefær, 1/2 teskei nellik og 1/2 teskei anis.

Kilde: Barbro Lundquist / Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet, 1988