Tre kveitebollar på ein asjett med ein kaffikopp og ei skål med bollar lenger bak

Lette og luftige kveitebollar er godt til kaffi eller te.

Foto: Kristin Eriksen / NRK

Kveite­bollar frå Ingrid Espelid Hovig

Ingenting er så godt som nysteikte, luftige og lette kveitebollar. Denne oppskrifta slår aldri feil, vel å merke viss vi berre gir gjærdeigen lun nok atmosfære og god nok tid til å utvikle seg.

Slik gjør du

Smelt smøret, ha i mjølka og varm væska til fingervarm, 37 grader.

Hell væska i ei bolle og ha i sukker og mjøl blanda med kardemomme og hornsalt. Elt deigen riktig seig og fin. I ein kjøkkenmaskin kan deigen eltast i 3–4 minutt med middels fart.

Dekk deigbollen med plast smurt med olje eller smelta margarin, så plasten ikkje skal henge fast i deigen når den hevar seg. Legg gjerne et klede over også. La deigen heve på ein lun stad til han er dobbelt så stor.

Dryss mjøl over bordet og skrap deigen ut. Få litt mjøl rundt heile deigen så han ikkje skal klistre seg til bordet. Trill deigen ut til ei lang pølse og del i 24 eller 32 emne, alt etter kor store bollar ein vil ha.

Trill emna til glatte bollar. Det er vanskeleg å trille bollar viss det er for mykje mjøl på bordet. Derfor går det stundom best ved berre å gni mjøl på hendene.

Set bollane med litt mellomrom på smurd plate eller plate dekt med bakepapir. Dekk med klede og la bollane heve til dei er riktig lubne og kjennest fløyelsmjuke å ta på.

Vil vi ha blank skorpe kan bollane penslast lett med egg vispa saman med litt vatn.
Steik kveitebollar på nedste rille i omnen ved 230 grader i 8–12 minutt, alt etter storleiken.
Avkjøl bollane på rist.

Tips

Skal du bruke bollane til fastelavn, så kan du fylle dei med

  • syltetøy og krem
  • marsipan og krem
  • eggekrem blanda med fløytekrem
  • rein fløytekrem

Bollane kan pyntast med

  • eit lett melisdryss
  • melisglasur
  • melisglasur strødd med kokosmasse
  • farga melisglasur strødd med litt kakepynt
Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet

Ingrid Espelid Hovig bakar bollar i «Fjernsynskjøkkenet» frå februar 1988.

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i «Fjernsynskjøkkenet»