Hopp til innhold

Sju vinner-retter med norske pærer

«Når dei blir modne, så fell dei ned». Norske pærer er klare for deg, både i hagar og butikkar. Er du klar til å gjere det meste og beste ut av dei?

Svinekoteletter med pærer og salvie

Vi et dei ofte heile, eller til desserten, men pærer er også gull i middagen.

Foto: DR

«Ta deg ei pære», er eit velkjent og kjært uttrykk i Rogaland. Ta deg ei, du òg.

For pærer er ofte ei gløymd delikatesse. Og dei kan brukast til så mykje meir enn du aner. Server dei gjerne saman med ost, eller lag chutney til kjøtt- og fisk.

Vi er flinke til å både hermetisere, sylte og safte pærer. Men når laga du sist ei krydra kake med pære i?

Vi tilrår også rockekokk Mats Paulsens versjon av denne klassikaren.

Mange gløymer også at pærer er fantastisk godt i middagen. Her er to sterke retter med svinekotelettar og kylling.

Søte pærebitar er nydeleg i salatar. Saman med god ost, aubergine og artisjokk er det ganske enkelt veldig godt – og mettande.

NRK mat har fleire oppskrifter med pære. Så: «Ta deg ei pære».