Hopp til innhold

Fasta betyr også mykje god mat

Millionar av menneske over heile verda har starta ramadan. Men når sola går ned, då kjem den vedunderlege «fastematen» på bordet. – Festmat for oss alle.

Fattoush er en god libanesisk salat som toppes med sprøstekt pitabrød. En fargeglad favoritt som kan serveres til de fleste retter.

Den libanesiske fattoush-salaten med pita-chips er ein fargeglad favoritt.

Foto: Zeinas Kitchen

Måltidet ved solnedgang blir kalla iftar. Ein gler seg heile dagen til dette gode måltidet – som kan vere lammespyd med salat.

Ramadan skal vere ein åndeleg og kroppsleg renselsesprosess. Ein fastar frå soloppgang til solnedgang. Det er krevjande, og ein påskjønner seg sjølv, gjerne med Marokkos svar på kjøttkaker.

Ein heil dag utan mat og drikke tar på. Fastematen på kvelden har ofte mykje næring, nå må energien hentast opp igjen. Denne salaten sørgjer for det.

Det blir gjerne innteke grove kornprodukt, magre meieriprodukt, frukt, bær, jus og pålegg. Denne salaten er ein klassikar.

Eller kebab av godt krydra lam. Denne kebabvarianten har utspringet sitt i Midtausten.

Frå før har vi mange fantastiske gode matretter frå «Festen etter fasta». Desse kan du boltre deg i her.

22. april er fasta over. Då blir det matfest og nytt program med «Festen etter fasta» på NRK1.