Hopp til innhold

Sommarfest med rekerestar

Det er lite som er meir sommar enn herlege reker på bryggekanten. Og ofte sit du igjen med restar. Desse kan bli dei lekraste rettene, leikande lett er det òg.

Rekerøre

Lag dressingar, dippar og herlege smørbrød med rekerestane.

Foto: Lise Finckenhagen

Dei fleste kjøper for mykje reker i frykt for ikkje å ha nok. Så det beste er å ikkje sette alt på bordet med ein gong. Ta heller ut rekene i mindre porsjonar etter kvart som de et.

Men har du likevel reker til overs bør desse blir reinsa med ein gong. Så kan du lage friske dressingar eller salatar med avokado, sitrusfrukter og urter.

Etter at rekene er kokte, er haldbarheita svært avgrensa. Det beste er å oppbevare rekene på is i ein tett boks i kjøleskapet, slik at temperaturen held seg nærare null enn fire grader. Med rekeskalet kan du koke kraft til neste fiskesuppe, og rekene kan du bruke i ein salat.

Det enklaste du kan gjere er å ta det du har i kjøleskapet og lage ein kvikk kopp-salat.

Skagenrøre er ofte hovudretten, men kan fort bli ein perfekt resterett òg.

Finn du fram dei sterke kryddera og litt olje, freser du saman ein spicy spansk rekefavoritt.

Rekerøre kan lagast av nesten kva som helst. Denne er likevel ei sterk tilråding.

Det er lurt å skrelle reka ferdig med ein gong, og legge kjøleskapet

NRK Mat har massevis av gode oppsklegge

rifter med reker.