Hopp til innhold

Kjøttfrie fristelser

Har det vorte mykje lam og grillpølse i det siste? Her er smakfulle måltid du kan meske deg med no.

Kjøttfrie retter satt sammen i kollasj.

KJØTTFRI MENY: Møt våren med fargesprakande retter.

Foto: SVT/NYSTAD/GULLIKSEN/JOHANSEN -VEGANMISJONEN/YLE / Satt sammen av NRK

Å byte ut noko av kjøttet med vegetariske protein blir tilrådd av mange for både klima og helsa, og godt smaker det! Vi har samla nokre oppskrifter som passar fint for våren og som har ingrediensar som er lette å få tak i.

Buddha bowl

Klar for ein sunn, kjapp og veldig god rett? Då er Buddha bowl, proppfull av grønsaker, perfekt.

Minestrone-suppe

Ei skål med den italienske, tomatiserte grønnsaksuppa er alltid godt, og ho er sunn og mettande i tillegg. Full av bønner, pasta og grønsaker. Her er den toppa med valnøttpesto. Server han gjerne med godt brød til.

Indisk dal med rødbete-raita

Denne fargefesten av ei gryte er kjapp å lage, og mettar godt. Denne dalen'ein er laga på raude linser og gode krydder, og toppa med ein raita laga på raudbetar. Blir ete med potetlomper eller anna godt brød til.

Lasagne

Vegansk lasagne laga med aubergine, sopp, tomatsaus, toppa med herleg grøn salat. Oppskrifta er vegansk, men du kan byte ut vegansk fløyte med meieriprodukt om du vil det for ein vegetar-variant.

Karrikaker

Desse veganske «kakene» kan du bruke med tilbehøyr du vanlegvis ville hatt til kjøttkaker, eller i pitabrød med god salat for å nemne noko. Sjå oppskrifta for fleire tips og slepp fantasien laus! PS: liker du ikkje dill, så ta bladpersille eller anna du liker i staden.

Vegansk blåbærkake

Og så må vi ha litt dessert til slutt. Denne blåbærdraumen av ei kake er både vegansk, sukkerfri, glutenfri og melkefri, så her kan dei aller fleste la seg freiste!