Hopp til innhold

«When life gives you lemons» ...

Dei beste sitronane i verda kjem frå Italia, og i januar er Amalfi-sitronane på sitt beste. Det må vi utnytte. Når livet gir deg sitronar, lag limonade – eller kake, kjeks, is, pai eller middag.

Sitronpai i porsjonsglass

La sitronane skine – både i maten og på bordet. Det er høgsesong for solgule Amalfi-sitronar.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Amalfi-sitronen er berømt over heile verda for den intense og fantastiske aromaen sin. Ingen sitronar i verda kan konkurrere med han i smak. I januar og februar er han på sitt mest smakfulle, så ei sitronkake vil aldri smake betre enn nå.

Den italienske sitronen er også meir saftig enn andre sitronar. Tenk kva dei gjer med denne kjeksen.

Sitronbåtar eller -skiver passar godt til alt frå svin, skaldyr, meksikanske retter og mange fiskeretter. Til fisk kan pressa sitron erstatte feite sausar. Denne pastaretten var blant våre topp ti mest populære middagar i 2022.

Prøv sitronskiver i te eller som smakstilsetning i vatn. Visste du at nokre dropar sitron hindrar misfarging av oppkutta frukt og grønsaker, som avokado og eple? Du kan også sylte sitronar.

Sitronane blir plukka om morgonen, medan dei er doggfriske. Fleire av dei blir hausta med blad, så du vil finne blad på nokre av sitronane i butikken. Safta er søtare og meir vitaminrik enn andre sitronar. Det er nå du skal lage sitronkaker.

Kva med sitronis? Du kan lage sorbé heime, det er slett ikkje vanskeleg.


Koppkaker eller porsjonsdessertar er trendy. Og ein knallgul sitron-dessert er ikkje berre godt, det er også nydeleg å sjå på.