Hopp til innhold

Kva med ein bakedag?

Lenge sidan du har hatt ein god bakedag? La bakeduft og bakeglede fylle huset. Fyll frysaren med matskattar som kan varmast opp både i nøda og til fest.

Kanelknutar

Sett av ei stund til å bake masse godt, anten det er brød, søt gjærbakst eller saftige langpannekaker.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Bakedag er ein fin tradisjon. Anten du koser deg åleine eller saman med barna. Det er godt å lage noko med hendene. Godt å kjenne luktene, skape ein oase av ro og fylle fryseboksen med god bakst.

Bak brød. Heimelaga fine brytebrød med ni ulike herlege krydder. Godt å ete åleine eller til gryteretter og supper.

Dette grove brødet med bær og nøtter er verdig toppidrettsutøvarar. Ikkje berre godt, men òg masse energi og næring.

Ikkje gløym den søte baksten. Den passar til alle høve. Smart å ha det søte på lur i fryseboksen, då har du alltid noko å servere anten det er kanelknutar eller sukkerkringler.

Sprø, smuldrete eller seige – med eller uten sjokolade, Kjeks er alltid nydelig å ha i hus for uventet besøk eller som gave. «Alle» liker cookies, uansett variant.

Lite er så digg og lettvint som langpannekaker, spesielt når du skal lage til mange. Begge desse kakene er sjeldan saftige. Ein krydra og søt variant, medan den andre er frisk med bær.