Kanelknutar

Kanel, brunt sukker og smør ligg mellom laga i kanelknutane.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Kanelknutar

Kanelknutar er gode heile året! Både store og små diggar den søte smaken av kanel og sukker.

Slik gjør du

Varm mjølka til cirka 30 grader. Alle råvarene bør ha romtemperatur. Bland alt utanom smøret og la maskina gå nokre minutt på sakte fart før du aukar farten og eltar i cirka 5 minutt. La deigen kvilte i 10 minutt.

Tilsett smøret i terningar medan maskina går på sakte fart til alt smøret er godt blanda i deigen.

Dekk til med plast og la deigen heve i minst ein time – helst i ein plastbalje som er smurd med olje.

Ha mjøl på bordet og kvelv deigen ned på bordet. Dryss på mjøl og kjevle ut ein firkanta leiv.

NB! Deigen skal ikkje eltast på bordet – då vert den seig å kjevle ut.

Smør mjukt smør utover leiven og dryss på brunt sukker og rikeleg med kanel. Brett inn 1/3 av leiven og legg den andre tredjedelen over. Kjevle forsiktig over.

Del deigen opp i strimlar, snurr dei og lag knutar. Sett bollane på steikebrett og etterhev godt.

Steikast ved 225 grader i 10–15 minutt.

Tips

  • Spraye bollane før du set dei i omnen med vatn.
  • Dersom du ønskjer blanke bollar kan du pensle med egg.
  • Hugs at deigen ikkje skal eltast på bordet. Då blir den seig og vanskeleg å kjevle ut.

Kilde: Kari Støfringsdal