Konfitert kylling med timian, sjysaus og kålknuter - servert på en hvit tallerken.

Det er den finske stjernekokken Simon Selin som gir oss denne vedunderlege middagen med konfitert kylling, sjy og kålknutar.

Foto: Marika Lytts-Råholm / YLE

Konfitert kylling med sjysaus

Å konfitere betyr at vi varmebehandlar kjøtt i olje ved låg varme – til dei blir perfekte og møre. Sausen ved sidan av tek denne retten til gourmetnivå.

Slik gjør du

Salt kyllingbrysta og låra på begge sider, la stå i cirka 10 minutt.

Legg dei salta kyllingbrysta og låra i ei eldfast form.

Saltede kyllingbryst og lår i en ildfast form dekket av olje og hele timiankvister.

Salta kyllingbryst og lår i ei eldfast form.

Foto: Marika Lytts-Råholm / YLE

Hell i olje slik at kyllingen nesten er dekt. Ha heile timiankvister i olja.

Bruk eit steiketermometer i eit kyllingbryst, og steik på 120 grader til innvendig temperatur er 58 grader.

Ta ut kyllingbrysta og flytt termometeret til eit lår og hald fram med å steike til den indre temperaturen på låra når 70 grader.

Rett før servering steiker du lår og bryst på skinnsida i ei panne med smør.

Steik til skinnet blir sprøtt og har ein gyllenbrun farge.

Sjyen

Steik kyllingskroget i omnen på 225 grader i cirka 20 minutt til det er fint steikt.

Grovhakk løk, purre og fennikel.

Steik løk, purre og fennikel i ei gryte med litt olje.

Tilset det steikte kyllingskroget og nokre kvistar timian i gryta med grønsakene.

Ha i vin og kyllingbuljong – kok opp.

Skum av sjyen under koking og la den redusere til cirka ein tredel.

Sil sjyen gjennom ein fin sil over i ei rein gryte.

Smak til med salt og kvitvineddik.

Sjy kokt på kylling gir ein saus som verkeleg løftar middagen. Superenkel å lage, men smakar som eit heilt dagsverk på kjøkkenet.

Tips

Perfekt til denne retten er kålknutar med innbakt sopp, løk og ris.

Kilde: Simon Selin frå TV-serien «Hygge i Strömsö»/YLE