Hopp til innhold

Perfekt til mørke haustkveldar

Bak ei eplekake, sett over kaffien eller teen og unn deg litt ekstra kos i haustmørket. Det er sesong for norske eple. Det er også smart å bake litt ekstra for å ha på lur i frysaren utover hausten og vinteren. Her er fem gode forslag.

Oppskrift på eplekake

Enkel eplekake servert med piska krem. Du finn oppskrifta i artikkelen.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

Snop

Dersom du bruker ferdige butterdeigsplater, lagar du desse eplepinnane på ein–to-tre. Dei blir heilt uimotståelege når du dyppar dei i karamell.

Opp-ned-kake

Denne franske klassikaren er kanskje den mest kjende eplekaka i verda. Og det er ikkje utan grunn. Den smaker fantastisk.

Eple i virvel

Strudel betyr virvel på norsk. Apfelstrudel er ein favoritt i Tyskland og Austerrike, men denne varianten frå Gino D'Acampo har ein italiensk vri. Du lagar han i steikepanna.

Eplekake deluxe

Denne kaka har det meste, både eple, nøtter, rosiner og vaniljefyll. Supergod og vanskeleg å motstå!

Gjer det enkelt

Når du vil røre saman ei eplekake i ein fei. Server med is, vaniljekrem eller piska kremfløyte.