Kokk Steinar Lindstrøm viser deg korleis du kan lage ei god suppe. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

FERSK SUPPE: Kokk Steinar Lindstrøm byr i dag på ei god og varm kjøttsuppe. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

Fersk kjøttsuppe

Ei god suppe kan vere varmande for både kropp og sjel. Med ferskt kjøtt og fargerike grønsaker, får du ei smakfull oppleving.

Slik gjør du

Skjær opp kjøttet i passe terningar og kok dei møre. Må skummast.

Skjær opp gulrot, kålrot, selleri og poteter i passe terningar. Etter at kjøttet er ferdig kokt, ha oppi grønsakene (unnateke purreløken). Dei skal kokast ferdig saman med kjøttet.

Purreløken skal skjærast litt mindre og trekkjast i nokre minutt i suppa. Smak til med salt og pepar.

Grovhakk bladpersille, koriander eller andre urter du likar. (Pass på at dei ikkje er for sterke slik at dei dominerer smaken.)

Server gjerne brød eller flatbrød til.