Laster innhold, vennligst vent..
Rabarbra

Sjokoladefondant med rabarbrakompott pynta med bringebær.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Sjokoladefondant med rabarbrakompott

Steinar Lindstrøm lar rabarbraen få smak av solbær, kanel, vanilje og anis i rabarbrakompotten. Til dessert blir det både rabarbrakompott og sjokoladefondant.

Slik gjør du

Rabarbrakompott

Kok opp vatn med solbærsirup, stjerneanis, kanel og vaniljestong. Skrell og skjær rabarbraen i fine stykke og ha det i den kokande krydderlaken. Då skal det ikkje koke meir. Ta rabarbraen opp frå laken. Jamn laken med maisenna og ta rabarbraen opp att i blandinga. Smak til med sukker.

Sjokoladefondant

Pisk egg og eggeplommer lett i lag med sukker. Smelt sjokoladen forsiktig i vassbad og bland saman med smelta smør. Bland egg og sukker med sjokolade og smør. Mjøl rørast forsiktig inn til slutt.

Ha røra i små porsjonsformer, som gjerne er smurte med litt smør og strødde med kakao. Steik fondantane på 210 grader i 4–5 minutt.

Kilde: Steinar Lindstrøm