NRK Meny
Panna cotta med lime

PANNA COTTA MED LIME: Søt avslutning på eit godt måltid. Her servert med kamfersirup med bær.

Foto: Gro Ravestad / NRK

Panna cotta med lime

Ein god dessert blir aldri feil. Her skal du få tips til ein smakfull panna cotta med lime. Kokk Steinar Lindstrøm brukar både safta og skalet av limen, for å gje fløyten ein smak av sitrus.

Slik gjør du

Legg i bløyt seks plater med gelatin. Dei må ligge i kaldt vatn til dei er heilt mjuke. Det tek rundt 10 minutt.

Kok opp fløyte, sukker og vaniljestong. Vaniljestonga må delast i to, skrap ut frøa og ha i både frøa og stonga, når du kokar opp blandinga.

Sett kjelen til sides når fløyten har nådd kokepunktet, og sil fløyteblandinga over i ein bolle. Knip ut alt vatnet av gelatinplatene, og visp dei inn i panna cottaen. Ha i både lime og limeskal. Du kan og tilsette andre smakar dersom du ynskjer det.

Kjøl blandinga litt ned, før du fyller panna cottaen i glas eller beger. Lag gjerne kamfersirup med bær eller server friske bær til desserten.

Kamfersirup med bær

Varm opp vatn og kamferdrops til dropsa har smelta. Då får du ein kamfersirup. Avkjøl blandinga og ha i det du vil av friske bær. Ein kan og bruke Kongen av Danmark.

Kilde: Steinar Lindstrøm