Eplemos på glass med epler ved siden av.

Eplemos er sunt og herleg, og kan brukast til så mangt. Du kan ha han på brødskiva eller knekkebrød, servere til ostefata eller bruke i kaker eller dessertar.

Foto: CARINA AHLSKOG / YLE

Eplemos på glas

I dei fleste oppskrifter på eplemos blir eple kokte i litt vatn. Ønskjer du å gi mosen meir karakter, auke eplesmaken og få ein fastare tekstur, lønner det seg å bake eple i omnen først saman med sukker og kanel.

Slik gjør du

Del epla og legg dei i ein eldfast form.

Strø sukker og kanel på toppen.

Steik epla i omnen på cirka 180 grader til dei blir mjuke.

Knus epla for hånd eller med maskin.

Smak på mosen om han treng meir sukker og kanel.

Tips

Skal du lage større mengder bør mosen frysast. Men han held seg godt i ei veke i kjøleskapet.

Kilde: Michael Björklund frå «Hygge i Strömsö»