Slik gjør du
Vask plommene og ta ut steinane. Ha plommene i gryta saman med mesteparten av sukkeret, cirka 800 gram, og stjerneanisen. La det putre på svak varme i eit kvarters tid.
Gjer klar glasa. Kok opp ei stor gryte med vatn, ha i reingjorte, brukte glas med lok. Eg brukar pastaglas, sildeglas, tacosausglas og det eg har i hus.
Ta ut anisen. Ha stavmiksaren fort i gryta, ikkje slik at syltetøyet vert heilt jamt, men slik at de største bitane vert borte. Rør saman syltepulveret med 200 gram sukker og ha det i syltetøyet. Rør til sukkeret er heilt oppløyst.
Fisk glasa ut av vasskjelen, vend dei på eit reint kjøkkenhandkle. Hell på syltetøy og sett på lokk med ein gong.
Kilde: Gunda Djupvik i radioprogrammet «Holm» på NRK P1+