Slik gjør du
Havregraut
Ha alle ingrediensane i ein kasserolle og kok havregrauten i fem minutt på svak varme.
Kjøl ned grauten til den er lunken.
«Klatkager»
Pisk egga i havregrauten saman med kveitemjøl, olje og honning.
Skrell og riv den ferske gurkemeien (den gjer frå seg ein sterk gul farge, så bruk eventuelt hanskar). Knus kardemommen i ein mortar. Rør gurkemeien i deigen med kardemomme og dei hakka blåbæra. La deigen kvila i minst 10 minutt (gjerne 30 minutt).
Steik «klatkagene» i litt olje eller smør. Har du ei såkalla blinispanne brukar du den. Dersom ikkje brukar du ei vanleg steikepanne og steiker dei i klattar på cirka 5 centimeter i diameter, til dei er gylne på begge sider.
Dryss eventuelt dei ferdige klatkagene med ferske, eller knuste og frysetørka blåbær før servering.
Tips
Adam Aamann brukar fersk gurkemeie, dersom du ikkje får tak i det kan du bruke gurkemeiepulver.
Kilde: Oppskrift frå Adam Aamann