Sveler frå Jølster

Kari Støfringsdal legar sveler og smører dei med kling.

Sveler frå Jølster

Når sola skin kan du ta ut ta takka og steike tynne fine sveler som smeltar på tunga. Men dei smakar like godt ein regnversdag, gjerne med smør og sukker eller syltetøy til.

Slik gjør du

Bland surmjølk, salt, sukker og natron, ha i halvparten av heilmjølka. Rør inn kveitemjøl til ei glatt og klumpfri røre. Pisk inn egget og resten av mjølka. La røra svelle ein halv time. Steik tynne svelekaker på middels varm helle. Legg kakene på eit klede til avkjøling.

Et dei med smør og sukker eller smør dei med kling og rull dei saman. Dei held seg lenger mjuke når det er kling på dei. Dekk med plast og la dei stå i romtemperatur til dei skal etast. Står dei på kjøl vert dei stive og ikkje så gode.

Kling

Rør saman smør, prim, rømme og sukker. Alt må vere temperert elles skil klingen seg. Om klingen skil seg, set skåla i varmt vatn ei lita stund medan ein rører godt.

Kilde: Kari Støfringsdal